Hopp til innhold

Turistar i kø for å sjå million-do

Landets kanskje mest eksklusive toalett har blitt ny turistattraksjon på vegen til Geiranger.

Fasjonabelt toalett på Linge
Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen

To millionar kroner har regjeringa brukt på nye toalett på Linge ferjekai i Norddal. Og no får dei kanskje igjen for investeringa. For ass. turistsjef Ove Skylstad seier toaletta har blitt ein ny turistattraksjon.

Sepp Zuckerstätter frå Austerrike

Sepp Zuckerstätter frå Austerrike.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

- Det er eit veldig fint toalett, ler austerrikaren Sepp Zuckerstätter i det han slå opp dørene på det nye praktbygget for første gong

Les også:

Frå skogen til designdo

Før måtte turistane gjere sitt fornødne i skogen på veg til Geiranger. På Linge ferjekai i Norddal fans det ikkje noko å hjelpe seg med. No blir dei møtte av eit bygg med inngangsparti kledd i eik. Inne får ein nærkontakt med betong, glas, stål og porselen. Eit interiørblad ville kanskje omtalt innreiinga som rein og klassisk, med enkle, elegante liner.

Ove Skylstad, ass. reiselivssjef i Norddal

Ass.reiselivssjef i Norddal, Ove Skylstad.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

- Ein million er ikkje mykje i våre dagar. Den fantastiske naturen her er i verdsklasse, då bør ein kanskje også ha eit toalett i verdsklassa, seier ass. turistsjef i Norddal, Ove Skylstad.

Vil skilte til designdoet

Ordføraren i Norddal, Bjørn Inge Ruset, vil no setje opp skilt og trykke nye turistbrosjyrer for å få endå fleire til å besøkje milliontoaletta. Han er glad for at turistane ikkje lenger treng å røme skogen for å gå på do.

- Du kan ikkje la naturlege behov trekkje fokuset vekk frå det flotte verdsarvområdet. No kjem snart morellene her inne, då blir det endå flottare, ler Ruset.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL