Hopp til innhold

Vann fram etter tre års kamp

Knut Arne Solbjør frå Molde vann fram. Frå i dag av kan arbeidstakarar få permisjon og pleiepengar når dei må ta seg av dødssjuke familiemedlemmer.

Ekteparet Knut Arne Solbjør og Lill-Marit Solbjør.

Knut Arne Solbjør stelte den døyande kona si, Lill-Marit, i fleire månader. (Video)

Knut Arne Solbjør i Molde har kjempa knallhardt for denne lovendringa.
Han måtte sjukmelde seg på falsk grunnlag for å kunne pleie den døyande kona si. Det var inga god kjensle.

Knut Arne Solbjør

Knut Arne Solbjør er glad for lovendringa i dag.

Foto: Omar Sejnæs / NRK

–Så lenge eg lever står det i papira mine at eg har psykiske problem. Det kan aldri viskast derifrå, så eg ville for eksempel ikkje fått livsforsikring i dag, seier Knut Arne Solbjør.

Rørte nasjonen

Yrkessjåføren frå Molde rørte heile nasjonen då han saman med si kreftsjuke kone, Lill-Marit, sto fram i 2007 og fortalde om kor vanskeleg det er å få permisjon for å stelle sine sjuke heime.

Tæl-prisutdeling Knut Arne Solbjør

Knut Arne Solbjør fekk Tæl-prisen i 2008.

Foto: Picasa 2.7

Året etter fekk Solbjør Tæl-prisen for innsatsen sin for andre i same situasjon. Dåverande statsråd, Bjarne Håkon Hansen, takka han for å ha mot og ork til å setje problemstillinga på dagsordenen, og lova å jobbe grundig med saka.

–Døydde ikkje til fånyttes

Det er tre år sidan kona, Lill-Marit, låg døyande i heimen i Molde. Solbjør hadde ikkje rett til å vere heime og hjelpe henne. Men i åra som enkemann har kan ført kampen vidare, og i dag kom endeleg lovendringa som gir rett til permisjon og pleiepengar. Det er Solbjør svært glad for.

–Det blir som ho Lill-Marit sa, at då døydde ho i alle fall ikkje til fånyttes.

Likar ikkje tidsavgrensinga

Det har tatt lenger tid enn han trudde, men Solbjør er ikkje i tvil om at det er saka hans som har pressa fram lovendringa. Han meiner likevel det ikkje er rett å setje ei grense ved seksti dagar for permisjon og pleiepengar slik det no har blitt.

–Det er ingen som kan bestemme når ein person skal døy, seier Knut Arne Solbjør.