Hopp til innhold

Ingen Tour for Arvesen

Syklisten Kurt Asle Arvesen frå Nesset får ikkje sykle Tour de France. Det har Team Sky bestemt no i ettermiddag.

Kurt Asle Arvesen

Kurt Asle Arvesen

Foto: Håkon Mosvold Larsen / Scanpix

Arvesen var på trening i Eresfjord i ettermiddag då han fekk beskjeden. Han seier til NRK at det er utruleg skuffande, men at han lkikevel tek det med fatning.

Prioriterte bakkeklatrar

- Sky har eit utruleg godt lag og dei har prioritert ein bakkeklatrar framfor ein all- roundar som meg, seier Arvesen.

Arvesen i Tour de France

Arvesen i eit tidlegare Tour de France

Foto: Junge, Heiko / SCANPIX

Arvesen meiner at sjansen for å verte tatt ut var 50/50, men at ein trøblete sesong med kragebeinsbrot og kneskade var med på å gjere det vanskeleg for han å kvalifisere seg.

No kjem det nytt løpsprogram og Spania rundt og VM i Melbourne i Australia kan verte naturlege mål seinare i sesongen.

Før den tid er det NM, og Arvesen reiser til Trondheim i morgon og syklar NM der på søndag.