Hopp til innhold

Lukrativt fiske fekk brå slutt

Det er ikkje alltid det løner seg å ta med ein forskar i fiskebåten. I alle fall ikkje på kort sikt.

Orange roughy - djupvassfisk.

Orange roughy kan bli 180 år, men overfiske trua den etterspurde djupvassfisken.

Foto: Nils-Roar Hareide

Irske styremakter stoppa det lukrative fisket av djupvassfisken Orange roughy . Det gjorde dei etter at forskaren Nils-Roar Hareide frå Runde Miljøsenter dokumenterte overfiske.

Raske pengar

Den sjeldne djupvassfisken er raske pengar for fiskarane. Prisen er høg, og siktar ein godt med trålen, er lykka gjort.

Nils-Roar Hareide

Nils-Roar Hareide er forskar ved Runde Miljøsenter i Herøy.

Foto: Heidi Fagna / NRK

– Fisken lever i veldig tette stimar. Greier du å treffe stimen med trål, kan du fiske 50-100 tonn berre på fem minutt, fortel Nils-Roar Hareide.

Her kan du høyre reportasjen om forskaren som avslørte overfiske i Irland: Forskar Nils-Roar Hareide

Datt saman

Hareide har forska på djupvassfisk i snart 20 år, og då irane ville studere orange roughy i 2001 slo han til. Han hadde ikkje tid til å vente på forskingsbåt, men kom seg ombord i fiskebåtane.

- Eg fann ut at dette var eit fiske som var veldig lukrativt i starten, så datt det fort saman. No er det nesten ikkje orange roughy igjen i dette området, fortel Hareide.

Den knallraude fisken med det store hovudet fins ikkje i norske farvatn, og har difor ikkje noko norsk namn.

Fisken blir først kjønnsmoden som 30-åring, men kan bli heile 180 år gamal.

Inspektør Colombo

Hareide dokumenterte overfisket i beste detektivstil. Dei irske fiskarane ga han kallenamnet inspektør Colombo.

- Kanskje eg liknar litt på han. Du må la fiskarane snakke først, så kan du komme inn og stille oppfølgingsspørsmål. Då veit dei at dei ikkje kan gå tilbake på det dei sa første gongen, seier detektivforskaren.

Irland stoppa orange roughy-fiskeriet i 2005. Forskaren seier lærdomen er at ein må kaste seg med fiskebåtane med ein gong.

Hareide er ein av forskarane som deltek i NRK Møre og Romsdal sin serie om forsking:

Blod, nynorsk og flyplass

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL