10.02.2012

Person omkom i Melshornsida

Leiteksjon i Ørsta (Foto: Møre/Tonje Marie L. Aarflot.)

Ein omkomen person vart mandag kveld funne i Melshornsida i Ørsta. Det stadfestar operasjonsleiar Magne Kjønnøy i Sunnmøre politidistrikt.

Politiet stadfestar mandag kveld at dei har funne ein omkomen person i området mellom Melshornet og Okla i Ørsta.

Det var ein redningshund som litt over klokka 19 følgte eit spor i terrenget, fortel operasjonsleiar Magne Kjønnøy.

Bratt

Det er svært bratt og ulendt terreng der personen vart funne. Politiet stadfestar mandag kveld at det er den sakna mannen i 20 åra som store mannskapsstyrkar har leita etter mandag ettermiddag og kveld.

Det var mandag ettermiddag at familien til mannen i 20 åra meldte han sakna. Då vart bilen funnen i Rystefeltet, der han hadde parkert for å ta turen opp til fjellet Melshornet (807 moh.) som ligg mellom Ørsta og Volda.

Leiteaksjon

Mandag ettermiddag vart det sett i gang ein omfattande leiteaksjon i Ørsta med utgangspunkt frå enden av Rystefeltet. Både Røde Kors Hjelpekorps, redningshundar og eit Sea King helikopter frå Florø deltok i leitinga, skriv avisa Møre.

Ifølgje politiet var familien i kontakt med mannen mandag morgon, men han møtte ikkje på jobb.

Til saman 40 personar frå hjelpekorpsa i Ørsta og Volda deltok i leitinga.

Banner valgresultat 2011 468x110

Lenker

Bildegalleri frå Møre og Romsdal

Bildegalleri frå Møre og Romsdal

Verradar Vestlandet

Radar Vestlandet