Hopp til innhold

I live takka vere bilbelte

Ho seier ho er i live i dag fordi ho brukte bilbelte. –Hadde eg ikkje brukt bilbelte hadde ikkje barna mine hatt mor i dag, seier ho.

Trafikkulukke Fursetfjellet 2006

I denne ulukka sat Solrund Helen Ellefsen saman med dotter si i førjulstida i 2006. Solrund Helen Ellefsen takkar bilbeltet for at ho er i live.

Foto: Bjørn Brunvoll / Romsdals Budstikke

I dag er ho trafikkskadd og uføretrygda. Trafikkulukka på Fursetfjellet mellom Molde og Kristiansund snudde alt opp ned for kvinna frå Fræna. Ho forstår ikkje korleis folk torer å køyre på vegane, utan å spenne seg fast.

Solrund Helen Ellefsen

Solrund Helen Ellefsen seier ho tykkjer det er grusomt å sjå kor fort mange køyrer - utan bilbelte.

Foto: Omar Sejnæs / NRK

–Bilbeltet redda meg frå å bli kasta ut av bilen. Eg fekk skadar. Men eg går og eg lever. Det er det viktigaste, seier Solrund Helen Ellefsen.

UP tok 120 i å kjøre for fort

Brukte ikke bilbelte på grunn av klaustrofobi - klager på politiet

Miste dotter si

I bilen under ulukka i førjulstida i 2006 sat også den eine dottera henne. Ho hadde også bilbelte, men miste livet. Ho vart 21 år.

Bilbeltekontroll

Fræna var ein av stadene der det var bilbeltekontroll tysdag.

Foto: Omar Sejnæs / NRK

–Eg ser folk her køyrer veldig fort. På vegane her køyrer enkelte i 90 og 100 kilometer i timen. Mange har ikkje bilbelte på seg. Eg tykkjer det er grusomt, seier Ellefsen. Sjølv takkar eg bilbeltet for at eg er i live. Barna mine hadde ikkje hatt mor si om eg ikkje hadde hatt på meg beltet, seier ho.

Forbikøyring kosta 3 200 kroner

Ein mista lappen - 39 fekk førelegg

– Vil ha startsperre på beltet

Nesten halvparten av dei som blir drepne i trafikkulykker i Noreg køyrer utan bilbelte. Bruk av belte blir rekna som det mest effektive hjelpemiddelet for å få ned talet på drepne og skadde.

Erik Hartmann

Erik Hartmann i Trygg Trafikk vil ha startsperre på bilbeltet.

Foto: Omar Sejnæs / NRK

–Det hadde vore ei god løysing om vi hadde ei slags startsperre på beltebruk. Det kunne fungere slik at bilen ikkje starta om ein ikkje hadde teke på seg beltet, altså om lag slik som alko-låsen fungerer, seier Erik Hartmann, distriktssekretær i Trygg Trafikk.

Politiet gjekk tom for gebyrblokker

Ein mista lappen - 39 fekk førelegg

Bøter som svir

Han vart sint på seg sjølv, romsdalingen som framfor NRK-kamera blei teken i bilbeltekontroll tysdag formiddag. Snarturen blei dyr. 1500 kroner måtte han punge ut med.

Bilbelte bot

Stian Kjelstadli fekk 1500 kroner i bot, fordi han ikkje brukte bilbelte.

Foto: Omar Sejnæs / NRK

–Eg skulle berre køyre ein liten tur, frå Dale bruk. Eg hadde ikkje belte, eg gløymde å ta det på. No er eg litt sint på meg sjølv, ja, seier Stian Kjelstadli til NRK.

Lever farlig på Jæren

Vegvesenet intensiverer kontrollane

I desse dagar har Statens vegvesen bilbeltekontrollar over heile landet. Dei skriv også ut bøter som svir. NRK møter vegvesenet på kontroll i Fræna ved Molde. Dette er ein kommune som har vore råka av mange alvorlege bilulukker. Området har også vore kjent for råkøyring.

Pål André Aure

Inspektør Pål André Aure seier det ser ut som om mange har lett for å gløyme bilbeltet på korte turar.

Foto: Omar Sejnæs / NRK

–Det viser seg å vere veldig lett å gløyme bilbeltet. Dette gjeld ofte dei som berre skal på ein liten tur til butikken for eksempel. Men det er like viktig med bilbelte på småturar som på langturar, seier Pål André Aure, inspektør ved Molde trafikkstasjon.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL