Hopp til innhold

Ny leiar i Nynorsk kultursentrum

Tidligere utdanningsminister Reidar Sandal er vald til ny styreleiar i Nynorsk kultursentrum.

Reidar Sandal
Foto: Nynorsk kultursentrum

Reidar Sandal (fødd 1949) frå Florø var utdanningsminister 1995–97 og stortingsrepresentant i 13 år. Han var med i tre ulike stortingskomitear, dei siste åra som leiar i finanskomiteen. I dag er han konsulent i Sunnfjord næringsråd. Sandal tek over etter Oddvar Haugland, tidlegare direktør i NOKUT, det nasjonale fagorganet for kvalitet i utdanninga.

– Eg er veldig glad for å få vere styreleiar for ein kulturinstitusjon med så utfordande og spennande oppgåver som Nynorsk kultursentrum står overfor, seier Sandal.

– Eg har stor respekt for det arbeidet som er utført og dei strategiske vurderingane styre og tilsette har gjort. Nynorsk kultursentrum må framleis vere markerte og offensive i arbeidet sitt, og eg skal gjere mitt.

Representantar frå heile landet

Styret i Nynorsk kultursentrum har medlemer frå heile landet: Reidar Sandal, leiar (Florø), Sigrun Høgetveit Berg, nestleiar (Tromsø), Georg Arnestad (Sogndal), Bente LaForce (Hamar), Jon Fosse (Bergen), Grete Riise (Bergen) og Åshild Widerøe (Volda). Varamedlemer er Terje Kjøde (Ørsta), Torunn Hovland Ljone (Ulvik) og Reza Rezaee (Oslo).

Ny ordførar i rådet

21 stiftarar står bak Nynorsk kultursentrum. Desse stiftarane er representerte i eit råd, og rådet har valt Morten Søberg (fødd 1969) som ny rådsordførar for åra 2010–2011. Søberg er politisk rådgivar for Senterpartiet i Stortinget, og har dei siste åra markert seg med skarpe og essayistiske analysar av folkestyre og folkerøystingar i Noreg så vel som i andre land.

Nynorsk kultursentrum eig og driv Ivar Aasen-tunet, Dei nynorske festspela og nettstadene aasentunet.no og tunkatten.no.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL