Gjennom ein lengre radioserie har NRK sett fokus på forskinga som foregår rundtom i Møre og Romsdal.
Serien vart totalt på 33 episodar, og du kan høyre alle på denne sida.
Respekt for meitemarken
Meitemarken er eit lite kryp mange av oss ikkje er like begeistra for.
Reidun Pommeresche ved Bioforsk Økologisk på Tingvoll har forska på det vesle krypet i mange år.
Ho vil gi oss respekten tilbake.
Statskyrkja sikra landsmål
Folk på Stranda protesterte då landsmålet kom inn i kyrkja. Det kjem fram i ei ny doktorgrad ved Høgskulen i Volda.
Og utan statskyrkja er det ikkje sikkert me hadde hatt eit nynorsk kyrkjespråk.
68-opprøret i media
Norske media behandla 68-opprørarane annleis enn dei utanlandske, viser ei doktorgrad frå Høgskulen i Volda.
Rolf Werenskjold tok for seg NRK Dagsrevyen, Aftenposten, Dagbladet og Arbeiderbladet.
Kven vert valdelege?
Det er mogleg å seie på førehand at utvalde personar kan kome til å utøve vald.
Det viser eit forskingsarbeid og ei sjekkliste, som professor Stål Bjørkly ved Høgskolen i Molde har vore med på å lage.
Vert mindre rause
Auka globalisering endrar kulturen i dei maritime klyngene. I dag deler maritime bedrifter mindre kunnskap enn dei gjorde før.
Eit forskingsprosjekt ved Høgskolen i Molde undersøkjer endringane i den gamle kystkulturen.
Hjorten vandrar langt
Hjort kan vandre langt mellom vinterbeite og sommarbeite. I enkelte tilfelle går den så langt som ti mil.
Det har ein forskar ved Bioforsk økologisk på Tingvoll vore med på å finne ut.
Kormiljøet skal under lupa
Kva har kormiljøet på Sunnmøre betydd for folk?
Det skal Øyvind Johan Eiksund skrive doktorgrad om ved Høgskulen i Volda.
Han skal følgje fire kor, men han har enno ikkje spurt om han får lov.
Graset påverkar mjølka
Mjølka vert påverka av kva slags gras det er der kua beitar.
Det spelar spesielt inn om bonden driv økologisk.
Det kjem fram i forsking frå Bioforsk økologisk på Tingvoll.
Tøft å vere pårørande
Det er tøft å brått verte pårørande til nokon som hamna på akutten.
Då kan sjukehuspersonalet si åtferd verte veldig viktig.
Det er temaet i ei doktorgrad ved Høgskolen i Molde.
Menn kan donere blod oftast
Menn kan gi blod oftare enn kvinner i fruktbar alder.
Friske menneske kan gi blod inntil fire gonger i året.
Det viser ei fersk doktorgrad frå Høgskolen i Ålesund.
- Avisene har det litt for godt
Driv norske lokalaviser for dårleg journalistikk?
Forskar Torgeir Dimmen ved Høgskulen i Volda syntest spørsmålet svirra i lufta.
Han sette seg føre å finne eit svar.
Vil finne ut av flåtten
Me veit lite om flåttbåren sjukdom.
Det vil ein forskar ved Høgskolen i Ålesund gjere noko med.
Ho skal forske på borrelia og anaplasma, som begge kan gi sjukdom hjå menneske.
Å bruke minoritetsspråket
Elevar på nynorskskular skal verte meir medvitne språkbrukarar.
Det er målet i eit forskingsprosjekt Møreforsking i Volda tar del i.
Dei undersøkjer Ulstein vidaregåande skule.
Laga fraktsystem for dyr
Det er mogleg å planlegge dyretransportruter automatisk.
Det har ein forskar i Molde funne ut.
Han er Noregs fremste ekspert på ruteplanlegging for transport av levande dyr.
Tøffe kår i Kristiansund
Det kan vere tøft å vere barn eller ungdom i Kristiansund.
Levekåra i byen er mellom dei dårlegaste i heile Møre og Romsdal.
Det viser ein rapport frå Møreforsking i Volda.
Fins Vigra-effekten?
Flyplassane betyr noko for utviklinga i det lokale næringslivet.
Det er utgangspunktet for eit prosjekt Møreforsking i Molde jobbar med.
Dei skal sjekke Vigra-effekten.
Dokumenterte overfiske
Han dokumenterte overfiske av ein sjeldan djupvassfisk i Irland.
Forskaren frå Runde miljøsenter jobba i beste detektivstil.
Irane døypte han inspektør Colombo.
Dilemma i helsevesenet
Der går ei grense mellom kva utviklingshemma må få bestemme sjølv og personalet sitt ansvar.
Mange av dei som jobbar med denne gruppa tenkjer ikkje nok over dette dilemmaet, viser forsking frå Molde.
Maskin gir betre krabbe
Ei ny sorteringsmaskin skal gjere livet lettare for krabbefiskarar.
Den gjer det lettare å plukke vekk dårleg krabbe.
Ein forskar frå Møreforsking i Ålesund har kontrollert maskina.
Bør kalven få die?
Er det best for kalven å verte tatt frå mora med ein gong, eller har den det best om dei får nokre dagar saman?
Det ville ein forskar på Bioforsk økologisk på Tingvoll finne ut.
Manetar kan vere forsøpling
Me veit nesten ingenting om kva som skjer med daude manetar.
Vert dei fiskefôr? Forsøplar dei havbotnen?
Det skal ein forskar ved Runde miljøsenter finne ut.
Vil gi trygg reise
Ingen oljearbeidarar skal ha meir enn ei mellomlanding med helikopter på veg til plattformen dei jobbar på.
Det har Statoil bestemt.
Forskarar i Molde har sett på om det er den sikraste måten.
Studerer helsesøstrene
Tidlegare var helsesøstra den einaste eksperten på familiehelse.
Det er ho ikkje lenger.
Eit forskingsprosjekt i Ålesund prøver å finne ut kva rolle ho har i dag.
Fjerdeklassingane forskar
Fjerdeklassingar vert små forskarar når dei får kome i skulehagen til Bioforsk økologisk på Tingvoll.
Ifølgje fagkonsulenten elskar dei å plante og grave - og til og med å luke ugras.
Demente kan verte aggressive
Når ein dement person vert forvirra, kan dei verte sinte og aggressive mot personalet på sjukeheimen.
To forskarar ved Høgskolen i Molde vil hjelpe dei tilsette.
Bør snakke i grupper
Den ultimate medarbeidarsamtalen skjer i grupper.
Det har ein forskar i Ålesund funne ut.
Ho meiner tre personar er det beste talet.
Sjekkar satellittane
Den europeiske romfartsorganisasjonen tar satellittbilete av naturen rundt oss.
På Runde miljøsenter sit ein oseanograf og sjekkar at dei er rette.
Kan oppdage virus
Eit dataprogram utvikla ved Høgskolen i Ålesund kan vise oppdrettsnæringa når virus nærmar seg anlegga i havet.
Førebels ser det mest ut som eit avansert dataspel.
Trøbbel med psykiatri
Styresmaktene har støtt på utfordringar i omlegginga etter psykiatrireformen, og omlegginga går seinare enn planlagt.
Det viser eit forskingsarbeid frå Høgskolen i Molde.
Studentane er kjenslestyrte
Studentar lar seg i stor grad styre av kjenslene sine.
Dei må høgskulane treffe for å få mest mogleg lojalitet.
Det har forskarar ved Høgskolen i Ålesund funne ut.
-Tøft å leve med dialyse
Den som først vert avhengig av dialysemaskinene, er lenka til dei resten av livet. Å måtte reise inn og ut av sjukehus i årevis er tøft.
Ein forskar i Ålesund vil finne ut kor tøft det er.
- Tener på ekstradekk
Eit ekstradekk kan gi klare fordelar for offshoreskipa.
Ei slik investering kan til dømes gjere drifta meir effektiv.
Det viser eit prosjekt frå Møreforsking i Molde.
Gjer robotar enklare
Ein Iphone kan brukast til så mangt.
Ein forskar i Ålesund bruker den til å styre robotar.
Han vil gjere robotar så lette å styre at kven som helst kan gjere det.