10.02.2012

- Ein mislukka energipolitikk

Jon Aasen (Foto: Trond Vestre/NRK)

Arbeidarparti-politikar Jon Aasen rettar ein drepande kritikk mot eige regjering.

Kaldt ver og underskot på kraft har ført til skyhøge prisar på straum i Midt-Noreg.

I tillegg er denne landsdelen eit eige prisområde med høgare pris på straum.

Aasen som er gruppeleiar for Arbeidarpartiet i fylkestinget, meiner regjeringa sin energipolitikk har vore mislukka.

- Ein må kalle ein spade for ein spade, og regjeringa si politikk på dette området har vore mislukka. Det gjeld denne regjeringa, og det gjeld alle andre regjeringar som har gjort seg avhengig av parti som er i mot bruk av gass, seier Aasen.

Høge straumprisar har fått debatten til å rase dei siste dagane. Fleire politikarar har krevd at dei mobile gasskraftverka på Aukra og Tjeldbergodden blir sett i drift. Også frå regjeringspartia kjem det no krav om dette.

Men dette er gasskraftverk som er meint til bruk i kritiske situasjonar, ikkje for å få ned straumprisen.

Jon Aasen som er tidlegare fylkesordførar i Møre og Romsdal, meiner regjering må gå bort frå dei rensekrava som regjeringspartia blei samde om i 2005.

- Regjeringa må gå bort frå kravet om CO2-rensing frå første dag. Dette er ein politikk som er øydeleggjande for Møre og Romsdal, den er øydeleggjande for industrien i Noreg fordi det gjer det vanskeleg å byggje gasskraftverk, seier Jon Aasen.

Banner valgresultat 2011 468x110

Bildegalleri frå Møre og Romsdal

Bildegalleri frå Møre og Romsdal

Verradar Vestlandet

Radar Vestlandet