Hopp til innhold

Krf-bloggar får støtte

Bloggar og Krf-medlem Hallgeir Reiten frå Ålesund seier han får stor støtte etter at han ba Inger Lise Hansen om å trekkje seg som nestleiar i partiet.

Hallgeir Reiten

Hallgeir Reitenseier han har fått støtte for kravet om at Inger Lise Hansen må gå av som nestleiar i Krf.

Foto: Terje Reite / NRK

Det er på nettstaden verdidebatt.no at Hallgeir Reiten har lagt fram synet sitt på utspela til Inger Lise Hansen. Hansen har teke til orde for at Krf mellom anna må få ein ny Israelpolitikk, tillate homofile ekteskap og fjerne vedkjenningsparagrafen for tillitsvalde.

Les: - Hansen må gå

Takhøgde - kaldt på golvet

Hallgeir Reiten seier til NRK at tilbakemeldingane han har fått viser at mange i Krf er sterkt kritisk til at Hansen framleis er nestleiar.

- Eg har fått mange tilbakemeldingar. Folk sender tekstmeldingar, e-postar og dei ringjer til meg. Ein av dei som kontakta meg kommenterte spørsmålet om takhøgde i Krf. Han sa at vi må hugse at når det blir høgt under taket blir det også kaldt på golvet. Vi har ei utfordring med å halde varmen på golvet, seier Reiten.

KrFs nestleder Inger Lise Hansen

Inger Lise Hansen er nestleiar i Krf.

Foto: Holm, Morten / SCANPIX

Les: Inger Lise Hansen fikk ikke komme

Les: Advarer mot å kaste KrF-Hansen

Les: Krf'ar vil kutte trusparagrafen

Partileiinga må rydde

Reiten seier at partileiinga må gripe inn i saka. Han meiner det no ikkje fins nokon veg utanom. Han meiner det må ryddast opp og at partiet no klargjer kva Krf står for.

- Eg meiner det er viktig no at leiinga står saman og faktisk seier noko om kva Krf står for. Eg har bede Inger Lise Hansen om å tre til side. Det var av ein klar grunn. Det er viktig å skape ro i partiet. Eg står framleis på dette. Det er klokast om Inger Lise Hansen trer ut av rolla si i partiet, seier Hallgeir Reiten til NRK.

Les: Ny bunnmåling for KrF

Les: – KrF er ikke et trossamfunn

Les: - Jeg er ikke sint på Inger Lise