Hopp til innhold

- Staten har ansvar for nynorsk

Jan Magne Dahle i LNK meiner at staten må ta meir ansvar for å lære innvandrarar nynorsk.

Jan Magne Dahle

STATEN MÅ INN: Staten må sørge for at innvandrarar lærer seg nynorsk, meiner Jan Magne Dahle, leier for Landssammenslutninga av nynorskkommunar.

Foto: Judith Sørhus Litlehamar

Leiar for Landssammenslutninga av nynorskkommunar (LNK), Jan Magne Dahle, seier at det meste av materiellet som innvandrarar får når dei skal lære norsk er på bokmål. Sjølv om dei lærer språket i ein nynorsk-kommune.

- Legg press på staten

Dahle ber nynorskkommunane om å leggje press på staten for å få oversett læremateriell for innvandrarar frå bokmål til nynorsk.

- LNK har i mange år på ulike måtar pressa på for å få staten til å ta eit større og direkte ansvar for å få arbeidd ut læremiddel på nynorsk for innvandrarar. Staten har på si side gjeve det praktiske ansvaret til VOX som vi samarbeider med om å få omarbeidd gode læremiddel på bokmål til nynorsk, få trykt ordbøker på fleire språk og få lest inn på cd standard nynorsk tale det som er i trykte læremiddel. Vi har fått utretta ein del, men det klart at det står uhorveleg mykje att når forholdet mellom målformene er som ein til tjue, seier styreleiar i LNK, Jan Magne Dahle.

Same antall og same pris

Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) til oppslaget om nynorsk for innvandrarar

Han peikar på forhold:

- På den eine sida mange års forsømingar frå staten si side når det gjeld å sjå til at det verkeleg blir produsert læremiddel på nynorsk i norskopplæringa for innvandrarar. Det gjeld ordbøker på svært mange språk, lesebøker, grammatikkar, cd-ar osb. Eg meiner å ha registrert at det finst tjue gonger så mykje opplæringsmateriell for flyktningar og innvandrarar på bokmål som på nynorsk. Etter mitt syn ville det ha vore ein stor fordel om ein hadde ein tilsvarande regel som for grunnskule og vidaregåande skule at alt læremateriell skulle vere tilgjengeleg til same tid og same pris på bokmål og nynorsk, meiner Dahle.

Rådmenn og kommunar må inn


Han legg også vekt på at læreverket NorskPluss er såpass komplett at dei lærarane og kommunane som ønskjer at norskundervisninga skal vere på nynorsk, kan gjere det med godt samvit. Jan Magne Dahle meiner rådmenn og kommunestyre her må ta ansvar og vedta endringar.

- Det kan kjennast tungt å skifte undervisningsmålform for lærarar som i mange år har basert seg på eit godt utval av undervisnigsmateriell på bokmål, til noko som ikkje er så variert, men som likevel er tilfredstillande. LNK registrerer også at det i somme nynorskkommunar er folk som har ansvar for tilrettelegging av undervisning som argumenterer med at flyktningar og innvandrarar er best tente med å lære bokmål. Skal LNK lykkast med å få til ein god variasjon i læremiddel på nynorsk for desse gruppene, er det viktig at desse læremidla blir tekne i bruk, seier Jan Magne Dahle.