Vil ha fortgang i universitetsplan

Ungdomspanelet i Møre og Romsdal.
Foto: Trond Vestre/NRKUngdomspanelet meiner eit universitet i Møre og Romsdal hadde vore god fråflyttingspolitikk.
Publisert 09.02.2010 11:16.
- Kommentarer
- Skriv ut
Møre universitet må bli etablert så snart som råd, meiner Ungdomspanelet.
- Positivt for tilflyttinga
Leiar Ida Andrine Heggset seier at ungdomspolitikarane går inn for å utvike høgskuletilbodet til eit fullverdig universitet.
- Eit Møre universitet ville ha vore verdifullt for fylket vårt med tanke på at ungdommen her kunne ha tatt utdanning i sitt eige fylke. Det ser ut til at dette ville ha vore positivt for tilflyttinga og god fråflyttingspolitikk, sidan mange tek høgare utdanning, seier Heggset.
I Møre og Romsdal er det i dag Høgskular i Molde, Ålesund og Volda. I lang tid er det arbeidd for å knyte desse saman og etablere Møre universitet.
Les også:
- Brei støtte til universitet
- Møre universitet innen fire år?
- - Møre Universitet: eit luftslott
- Vil satse på høgskolene
Prosessen er kome eit steg vidare med etableringa av Mørealliansen som er eit samarbeidsorgan for dei tre høgskulane.
Vil ha engasjement
Andrine Heggset vil ha engasjement for det nye Møre universitet.
- Vi vil oppmode til engasjement og debatt rundt dette. Det var mange meiningar då vi diskuterte dette i Ungdomspanelet. Vi kan vente mange diskusjonar kring temaet når det blir meir kjent og meir aktuelt, seier Heggset.
Les
Siste: Møre og Romsdal
Bildegalleri frå Møre og Romsdal
Bildegalleri frå Møre og Romsdal
Siste frå Møre og Romsdal
Siste nytt innanriks
- Må gå i 10. klasse flere år
- Dropper ikke alkohol på årsmøtet
- Dødsulykke i Tønsberg blir gransket
- Stabilt for elever etter bilulykke
- Oppretter krisesenter i regjeringen
- – 19-åring truet ambulansesjåfør
- Kartlegger overvåking av ansatte
- Politiet merket 22. juli-bilder
- Amnesty ber Norge legge Syria-press
- – Kan være flere lekkasjer


Februar 4




