Utbyggingsavgjerda må kome fort

Konsernsjef Gunvor Ulstein i Ulsteingruppen.
Foto: Trond Vestre/NRKKonsernsjef Gunvor Ulstein i Ulsteingruppen meiner avgjerda om utbygging av Lofoten og Vesterålen ikkje bør drage ut.
Publisert 09.02.2010 05:52.
- Skriv ut
Konsernsjefen ynskjer ei utbygging av Lofoten og Vesterålen. I løpet av året skal Regjeringa gjennomføre ein konsekvensanalyse før det blir gjort noko vedtak.
- Eg håper ikkje analysen tek for lang tid, fordi det vil ta mellom ti og tjue år å få opp produksjonen på nye felt, seier Ulstein.
Meir offensive oljeselskap
Ulstein meiner at muljøvernorganisasjonane til tider har fått dominert media i for stor grad. Ho synest at oljeselskapa burde ha vore meir offensive.
- Oljeselskapa må vere heilt sikre på at dei har rett når dei uttalar seg om noko. Når det kjem ein påstand, så kan det difor ta litt tid før oljeselskapa kjem på banen. Når det har gått tre månader, og det kjem ein notis om at påstanden var feil, så er det ingen som hugsar saka. Om oljeselskapa er litt meir offensiv, så får vi kanskje ein meir balansert debatt, seier Ulstein.
Utfordrande situasjon
I går var stortingsrepresentant Else May Botten (Ap) på besøk i industrikommunen Ulstein. Bodskapen frå Gunvor Ulstein var tydeleg.

Else-May Botten (Ap) og Gunvor Ulstein.
Foto: Trond Vestre/NRKLes også:
Stikkordet er ordretørke. Den maritime industrien er avhengig av nye oppdrag, og dei må kome i løpet av 2010. Næringsministeren har sett hjula i sving for å kome problema i møte, samtidig er dette ei næring som har eit sterkt ynskje om å klare seg sjølv.
Les også:
Else May Botten i Næringskomiteen på Stortinget seier at styresmaktene må ha ein dialog med næringa.
- Vi tek den finansielle situasjonen på alvor. Vi må vere oppmerksam på budsjettet for 2011, der ein må legge vekt på å ikkje vere for offensiv, og at ein heller strammar inn og følgjer handlingsregelen, seier Botten.
- Viktig å hale handlingsregelen
Det har tidlegare vore mykje snakk om tiltakspakkar for å hjelpe industrien gjennom finanskrisa. Men det er ikkje dette den maritime industrien spør etter.
- Vi må sjå på korleis hjelpa fungerer i dag, og om det er eventuelle endringar som må kome etter kvart, seier Botten.
- Det viktigaste er kanskje å halde orden på handlingsregelen og eit godt statsbudsjett. Eg veit at det er mange som synest at det er kjedeleg å høyre, men kronekursen og rente er viktig for oss. Og så er det slik at i den grad vi har behov for å fornye kystflåte eller først og fremst kanskje Kystverket med beredskapsfartøy og slike ting, så er det viktig at bestillingane kjem no, ikkje når marknaden er tilbake igjen, seier Gunvor Ulstein.
Siste: Møre og Romsdal
Bildegalleri frå Møre og Romsdal
Bildegalleri frå Møre og Romsdal
Siste frå Møre og Romsdal
Siste nytt innanriks
- Beslaga hasj verdt syv millioner
- Flere med silikon begår selvmord
- Ringsaker-lærer får sparken
- Sliter med ekstremt kattehold
- Hein Bæra lot familien se Breivik
- Breivik planla flukt med småfly
- Døde etter kollisjon i fjellvegg
- To nye siktet i Klemetsrud-drapet
- En person død i fjellveggkollisjon
- Trondheim Ap vil bytte ut Halvorsen


Februar 3




