Hopp til innhold

Slurvar med hygienen

Folk slurvar med å vaske seg på hendene. Det har resultert i oppkastsjuke og sjukehusinnleggingar.

Håndvask

Dette var vi flinke med i haust. Då var vi redde for svineinfluensaen. No har denne frykta gitt seg, og vi slurvar kanskje meir med handhygienen.

Foto: Illustrasjonsfoto: Colourbox.no

Det er legane på barneavdelinga på sjukehuset i Ålesund som no har registrert at folk ikkje er like flinke til å vaske seg på hendene som før.

Barnelege Anders Moen

Overlege på barneavdelinga ved sjukehuset i Ålesund, Anders Moen.

Foto: Øystein Windstad / NRK

- I barnehagar og skular var dei meir opptekne av handhygiene i haust på grunn av svineinfluensaen, seier overlege Anders Moen. Folk har kanskje begynt å slappe litt meir av med dette no, seier han.

Barn vasker hendene som aldri før

Mange på sjukehus

Fleire barn har vore innlagt med oppkastsjuke de siste to vekene. Overlege Anders Moen seier dei ser ein merkbar auke i talet på innleggingar i forhold til i fjor haust, då folk var merksame på handhygiene av frykt for svineinfluensaen.

- Det var færre slike innleggingar i haust. Det var mindre omgangssjuke og færre luftvegsinfeksjonar. No har dette blussa opp, seier Moen.

Blir kvitt basseluskene

Mer vask gir friskere barn

Gløymt det vi lærte i haust

Det kan altså sjå ut som om folk har gløymt lærdomen frå sist haust. Då var det sterkt fokus på handvask, og mange stader var det sett opp plastflasker med sprit og anna desinfiserande veske. Moen minner om at det er viktig med god handhygiene, sjølv om merksemda svineinfluensaen har roa seg.

- Vi anbefalar generelt god handhygiene. Særleg i samband med toilettbesøk og i forkant av måltid. Det er særleg oppkast og avføring som smittar. Så hygienen er ekstra viktig i samband med handtering av dette, seier Moen.