Lærer femåringar å symje

Kystkommunen Herøy vil lære femåringane sine å symje. Systematisk opplæring allereie frå barnehagen vekkjer oppsikt på landsplan.
Publisert 04.02.2010 20:15.
- Skriv ut
Sidan tidleg i haust har femåringane i kystkommunen Herøy på Sunnmøre hatt symjeundervising.
- Heilt knall!
Berre halvparten av 10-åringane i Noreg kan symje, og satsinga i Herøy er unik i landssamanheng.
- Eg tykkjer det er gøy å symje og eg lærer det med ein gong, fortel fem år gamle Emilie Moen Karlsen frå vatnet.
Til hausten skal ho byrje på skulen og då vert det endå meir tid i bassenget. For i Herøy vert det satsa på symjeundervising frå siste år i barnehagen til og med 8. klasse i ungdomsskulen.
Symjeinstruktør Marianne Hammerø tykkjer det er kjempeflott at politikarane i Herøy har satsa på symjeundervising.
- Slik eg veit er det veldig sjeldan ein startar så tidleg med symjeundervising og vi er skikkeleg stolte av å få vere ein del av dette. Det er heilt knall!
Fornøgd ordførar
Born skal kunne symje ved utgangen av 4. klasse, står det i Kunnskapsløftet. Men manglande satsing i kommunane gjer at berre halvparten av tiåringane i landet er symjedyktige ifølgje Norges svømmeforbund.
I Herøy kan så godt som alle tiåringer symje.
- Eg er veldig stolt av det når eg høyrer at vi kanskje er åleine om å gje eit fast

Arnulf Goksøyr er stolt over symjetilbodet i Herøy.
Foto: Bernt Baltzersen/NRKsymjetilbod frå borna er fem år til dei går i 8.klasse, så er eg ganske fornøgd med det, seier ordførar Arnulf Goksøyr.
Hundrevis av born får symjeopplæring i Herøy fritidsbad kvar veke, og utanom skuletid kjem resten av folket. Siden åpninga i 2004 har årlieg besøkstall auka frå 25 000 til 50 000.
- Då har vi lukkast med det vi har satsa på, smiler ordføraren.
- Viktig for kroppen
Ein gong i månaden er barnehageborna i bassenget i kommunal regi. Det gjev eit godt grunnlag for å lære meir når dei byrjar på skulen.

Barnehagestyrar Monica Kvalsund ser at femåringane vert meir og meir modige i vatnet.
Foto: Bernt Baltzersen/NRK- Vi ser at dei torer meir når dei vert trygge på å vere i vatnet, seier Monica Kvalsund, styrar i Trekløveren barnehage.
Og femåringane plaskar fornøgd i bassenget. Emma Rønnestad Moe har eit eige triks for å klare å flytei vatnet.
- Eg berre strekkjer meg ut og ligg heilt flat. Det er ikkje alltid eg klarer det, men eg klarer å stupe kråke i vatnet!
Satsinga på fritidsbadet har kosta også for Herøy, sjølv om det er stor velstand i kommunen gjennom fiskeri og offshoreverksemd. Bassenget er eit viktig bidrag til fritidstilbodet, og næringslivet har vore med på investeringane. Men drifta tek kommunen.
- Vi har strekt oss ein god del. Det er ikkje akkurat god butikk å drive med. Men det er god helsepolitikk, seier ordførar Goksøyr.
Og det er femåringen Jennie Kvalsund heilt einig i.
- Det er viktig for kroppen!
(NRK)Siste: Møre og Romsdal
Bildegalleri frå Møre og Romsdal
Bildegalleri frå Møre og Romsdal
Siste frå Møre og Romsdal
Siste nytt innanriks
- Må gå i 10. klasse flere år
- Dropper ikke alkohol på årsmøtet
- Dødsulykke i Tønsberg blir gransket
- Stabilt for elever etter bilulykke
- Oppretter krisesenter i regjeringen
- – 19-åring truet ambulansesjåfør
- Kartlegger overvåking av ansatte
- Politiet merket 22. juli-bilder
- Amnesty ber Norge legge Syria-press
- – Kan være flere lekkasjer


Februar 4




