Hopp til innhold

- Inger Lise Hansen er illojal

Ho vil ha ny Israel-politikk, tillate borgarleg vigsle av homofile og ha ikkje-kristne i Krf-verv. No blir ho karakterisert som illojal.

KrFs nestleder Inger Lise Hansen

Nestleiar i Krf, Inger Lise Hansen, har skapt sjokkbølgjer i partiet.

Foto: Holm, Morten / SCANPIX

Det er fylkesleiar for Krf i Møre og Romsdal, Jan Kåre Aurdal, som karakteriserer nestleiaren på denne måten. Ham meiner ho opptrer illojalt overfor partileiinga når ho vil endre nokre av grunnpillarane i politikken til Krf.

- Vi er blitt samde om eit program i mai. Då kan vi ikkje snu alt opp-ned på alle saker fordi vi gjorde eit dårleg val i haust. Dette blir illojalt mot resten av partileiinga, seier Jan Kåre Aurdal.

- Hun har skutt partiet i begge beina

KrF-nestleder vil ha ny Israel-politikk

Overraska

Kristeleg folkeparti i Møre og Romsdal er eit av dei største fylkeslaga i Krf. Fylkesleiaren er overraska over utspelet frå Inger Lise Hansen.

Jan Kåre Aurdal

Jan Kåre Aurdal er leiar i Møre og Romsdal Krf.

Foto: Trond Vestre / NRK

- Eg trur veldig mange blei overraska. Vi hadde ikkje venta dette, seier Aurdal.

- Sterke meningsforskjeller internt i KrF

Splid om veivalg for KrF

Sjokkbølgjer

I går sende andre nestleiar Inger Lise Hansen det som kan kallast sjokkbølgjer gjennom Kristeleg Folkeparti. Partiet var samla i Stavanger i helga og Hansen nytta høve til å ta til orde for ein ny politikk på fleire sentrale område.

-KrF trenger en Lilletun-leder

Opprørsstemning i KrF på Jæren

Kristen tru og vigsel for homofile

Inger Lise Hansen vil mellom anna ha ein ny Israelpolitikk. Ho seier ja til borgarleg vigsel av homofile, ho vil ha polutsal i kvar kommune, og tek til orde for å fjerne paragrafen som seier at tillitsvalde i partiet må vedkjenne seg kristen tru. Representantane frå Møre og Romsdal støttar ikkje desse utspela no, seier fylkesleiar Jan Kåre Aurdal.

- Vi diskuterte dette seint i går, og dette burde ikkje ha kome no. Ho må sjølvsagt få lov til å ha ei meining. Likevel burde ho ha venta til seinare i strategiprosessen, seier Aurdal.

Uro om veien videre i KrF

- Kan skade partiet

Krf har låg oppslutning på meiningsmålingane om dagen, og er faretrugande nær sperregrensa på 4 prosent. Jan Kåre Aurdal trur intern uro som det Hansen har skapt, kan skade partiet.

- Det er dette eg er redd for. Dette utspelet kan forvirre mange, seier Jan Kåre Aurdal.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL