Kristiansund er serviceversting

Kristiansund kjem dårlegast ut av kommunane i Møre og Romsdal i undersøkinga om servicen i kommunane.
Foto: Gunnar FagerliKristiansund kommune er blant kommunane som kjem dårlegast ut i ein landsomfattande servicetest som Forbrukerrådet har gjennomført.
Publisert 21.01.2010 05:32.
- Kommentarer
- Skriv ut
Kristiansund får stryk-karakter mellom anna fordi dei ikkje svarar på e-post. Kommunen er den einaste i Møre og Romsdal som kjem heilt i botn blant kommunane i undersøkinga.
Les heile undersøkinga her
For dårleg
Ordførar i Kristiansund, Per Kristian Øyen vedgår at dette ikkje er bra. Han seier at folk skal få svar når dei tek kontakt med kommunen.

Per Kristian Øyen er ordførar i Kristiansund.
Foto: Eirik Haukenes/NRK- Dette er for dårleg. Folk må jo få svar når dei tek kontakt, enten dei kontaktar oss på mail eller på post. Dette må vi rydde opp i, seier Øyen. Mange kontaktar oss på e-post, og eg veit at dette er ei utfordring. Vi har også diskutert rutinane kring dette, så vi er på gang med dette, seier han.
• Vinje kommune best på service
Skodje best
Forbrukarrådet har testa kor tilgjengelege kommunane er på internett, e-post og telefon. Til saman har forbrukarrådet testa 150 kommunar i Noreg. I Møre og Romsdal er ni kommunar med.
Ålesund, Giske, Sykkylven, Eide, Fræna og Tingvoll hamnar midt på treet i undersøkinga. Molde får karakteren bra. Skodje er den einaste kommunen i Møre og Romsdal som får karakteren svært bra.

Modolf Hareide er ordførar i Skodje
Foto: Trond Vestre/NRK- Vi prøvar å vere tilgjengelege heile tida, både på telefon og på det å vere fysisk til stades. Vi har stort fokus på dette, og det er faktisk eit tema som vi har oppe stadig vekk, seier ordførar i Skodje Modolf Hareide.
Kan bli betre
Terje Killi i Forbrukarrådet meiner at norske kommunar kan bli langt betre på dette området. Lokalpolitikarar bør ta kravet om å vere tilgjengelege svært alvorleg, seier han.
- Slik situasjonen er svekkjer dette kommunenoreg som arbeidsplass. Dersom det over tid byggjer seg opp ei haldning om at det ikkje er moro å jobbe i kommunen fordi det jobbar berre tullebukkar der, då må jo kommunepolitikarane gripe fatt i dette, seier Killi.
Diskutér
Korleis opplever du servicen frå kommunen din ? Kom gjerne med kommentarar her:
Lenker
Siste: Møre og Romsdal
Bildegalleri frå Møre og Romsdal
Bildegalleri frå Møre og Romsdal
Siste frå Møre og Romsdal
Siste nytt innanriks
- Sliter med ekstremt kattehold
- Hein Bæra lot familien se Breivik
- Breivik planla flukt med småfly
- Døde etter kollisjon i fjellvegg
- To nye siktet i Klemetsrud-drapet
- En person død i fjellveggkollisjon
- Trondheim Ap vil bytte ut Halvorsen
- Vurderer verneplikt for kvinner
- - Førstepremien er 700 millioner
- Sp vil ha skog inn i klimameldinga


Februar 3



