Hopp til innhold

Etterforskar nytt overfall

Ei kvinne i byrjinga av 20-åra hevdar ho blei overfalt og valdteken på Aspøya i Ålesund i natt. Det siste halvåret har det vore ei rekkje liknande saker i området.

Blålys
Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen

Til avhøyr

Leif Arne Valderhaug

Operasjonsleiar Leif Arne Valderhaug ved Sunnmøre politidistrikt.

Foto: Andreas Sundby, NRK Møre og Romsdal

Politiet i Ålesund har arbeidd med saka sidan klokka fire i natt, då ei kvinne i byrjinga av 20-åra meldte frå om at ho hadde blitt overfalt og valdteken på Aspøya. Politiet er tilbakehaldne med opplysningar, og vil ikkje seie meir om omstenda.

- Kvinna blei køyrt til valdtektsmottaket, og skal no avhøyrast av oss. Etter det veit vi meir om kva som skjedde, seier operasjonsleiar Leif Arne Valderhaug. Han seier han ikkje vil spekulere i om kvinna snakkar sant.

Fleire episodar

Sidan oktober har politiet fått ei rekkje meldingar om grov vald og valdtektsforsøk mot fleire kvinner. Alle episodane skal ha skjedd på Aspøya i Ålesund, og ingen av sakene er oppklarte. Tidlegare i vinter bestemte politiet seg for å patruljere gatene i sivilt i helgane.

Les også:

Ekstramannskap

Politiet vil søndag formiddag kalle inn ekstramannskap for å kunne starte etterforskinga så raskt som råd. Tidlegare i natt forsøkte politiet å finne gjerningsmannen, men utan å lukkast.