Høgskulen i Volda har gjennomført ei undersøking blant elevar i den vidaregåande skulen. Resultata i undersøkinga viser at det er lagt lite vekt på valfridomen i nynorsken. Elevane slit ikkje berre med den store valfridomen. Dei er også i tvil når det gjeld bruken av dobbel konsonant, og faktisk også kva konsonantar dei skal bruke.
Lite vekt på valfridom
Undersøkinga er laga av masterstudent Anders Aanes, som no arbeider ved Nynorsk kultursentrum. Det lagt lite vekt på sideformene i undervisninga, seier han.
- Eg tolkar det slik at det er lagt lite vekt på valfridomen i nynorsken, seier Anders Aanes.
•
•
•
Nynorsken skal forenklast
No skal nynorsken forenklast og valfridomen skal reduserast. Dette er ei stor og omfattande oppgåve, seier Aanes.
- Eg er ikkje misunneleg på dei som skal vere med i denne nemnda. Det er ei formidabel oppgåve å stramme inn nynorsken til noko som alle i Noreg kan kjenne seg att i, seier Aanes.