Hopp til innhold

Lakselusa trugar oppdrettsnæringa

Dei siste månadene er det registrert ein klar auke i lakselus på fisk i oppdrettsanlegg i Møre og Romsdal.

Illustrasjon oppdrettsanlegg

Illustrasjon oppdrettsanlegg

Foto: Villa

Pause

Mattilsynet ber om ein tenkepause før dei tillet utviding av anlegg eller nye oppdrettsanlegg.

Ola Krogstad i Mattilsynet
Foto: Gunnar Sandvik/NRK Møre og Romsdal

Seniorrådgivar Ola Krogstad er uroa over situasjonen og seier at lakselusa er den største utfordringa næringa står overfor no.

I fleire område i landet er situasjonen så alvorlig at organisasjoner har sent bekymringsmelding til kyst- og fiskeriministeren. Kravet er nedslakting i områda som er hardast råka.

Dramatiske tiltak aktuelt mot lakselus

Vil ha slutt på slurv og slendrian

Så ille er det ikkje i Møre og Romsdal, men dei siste månedane har det vore ein markant auke av lakselus i oppdrettsanlegga også her - meir enn dobbelt så mykje på kvar fisk enn enn det som er lovleg.

Ikkje drastiske tiltak

Oppdrettsanlegga rapporterer om situasjonen kvar veke og ser no at det er ei forverring i mærene. Etter forskriftene skal det iverksettast behandling når bestanden av lakselus når over eit visst nivå.

- Denne situasjonen har ikkje oppstått i Møre og Romsdal og det kan ikkje forsvarast å sette igang tiltak som til dømes brakklegging av anlegg, seier Ola Krogstad som altå likevel går inn for ein pause i utvidingar innan næringa.