11.02.2012

- Mobbing er ut

Mobbing er eit viktig tema (Foto: Birthe Bringsvor/NRK)

- Mobbing er ikkje eit problem i skulegarden ved Sykkylven ungdomsskule, meiner 8.klassingane Kristoffer Bonesmo, Anne Marte Eliassen, Ida Melseth og Siri Kristin Eide.

Foto: Birthe Bringsvor/NRK

Elevane ved Sykkylven ungdomsskule er einige om at det er viktig å snakke om mobbing.

Fire pultar står tomme på klasseromma til 8.klassane ved Sykkylven ungdomsskule i dag. Fire av klassekameratane deira har nemleg reist til Oslo. Dei deltek i Barnas Spørretime på Stortinget. Der skal 52 elevar frå heile landet stå på talarstolen og fortelje om mobbing til blant anna kunnskapsminister Kristin Halvorsen.

Les: Talar på Stortinget

Klassekameratane til dei fire representantane frå Møre og Romsdal må vere att på skulen i Sykkylven. Men, dei er også opptekne av temaet mobbing.

- Det er når ungar vert plaga igjen og igjen av andre, fortel Ida Melseth.

- Eg seier frå til mobbarane

Ho meiner det er viktig at medelevane hennar får kome til orde på Stortinget. Ho forklarer at det gjerne er spesielle ting som gjer at nokon vert mobba.

- Dersom ein skil seg ut eller gjer det bra på skulen og folk vert sjalu og slik kan ein verte mobba. Om eg ser at nokon vert mobba går eg bort og seier at mobbarane skal stoppe og så vert eg ven med den som vert mobba.

Det ville Siri Kristin Eide også ha gjort. Ho trur det må vere ei svært vond oppleving å verte mobba.

- Den som vert mobba kan verte redd for å kome på skulen, seier ho.

Dei to 13-åringane trur ikkje mobbing er eit problem ved deira skule.

- Nei, det tykkjer eg ikkje. Eg har ikkje sett noko som har vorte mobba.

- Ikkje eg heller.

Dritslenging, slåstkampar og utfrysing

Men inne på rektor Ketil Hjelset sitt kontor får vi høyre noko heilt anna. Han fortel at mobbing kan vere svært vanskeleg å oppdage, både for lærarar og elevar.

- Eg vil ikkje seie at skulen er prega av mobbing, men eg trur vi lurer oss sjølve om vi seier at det ikkje finnast mobbing på skulen. Det er av og til det kjem opp episodar som vi må jobbe ganske intens med.

Han seier at ved Sykkylven ungdomsskule har dei hatt fleire ulike episodar av mobbing.

Rektor ved Sykkylven ungdomsskule, Ketil Hjelset (Foto: Birthe Bringsvor/NRK)

Rektor ved Sykkylven ungdomsskule, Ketil Hjelset seier det kan vere vanskeleg å oppdage mobbing.

Foto: Birthe Bringsvor/NRK

- Dritslenging, det å seie til ein annan elev "din stygging" for eksempel, dersom det går føre seg over tid så er det ganske trasig. Leik som endar i slåstkamp er noko som går igjen og igjen. Det kan vere utfrysing av elevar. Innanfor jenteflokkar kan det gå føre seg utruleg mykje rart, der det er ei blanding av det som går føre seg på skulen, på fritida, via telefon, Facebook og Nettby.

Ute i skulegarden håper Siri Kristin Eide at klassekameratane deira vil gjere ein god jobb frå talarstolen på Stortinget og at politikarane vil gjere meir i kampen mot mobbing.

- Dei må få lærarane til å engasjere seg meir. Dei kan ikkje berre gå bort og seie frå om at mobbarane må kutte ut og ikkje følgje opp vidare. Då vil mobbinga berre halde fram.

(NRK)
Banner valgresultat 2011 468x110

Bildegalleri frå Møre og Romsdal

Bildegalleri frå Møre og Romsdal

Verradar Vestlandet

Radar Vestlandet