Internasjonal samling
Internasjonal kafe i Molde har aukande oppslutning.
Molde har greidd å lage ein internasjonal møteplass med suksess.
Publisert 11.11.2009 10:58.
- Skriv ut
Møtestad for alle

Husna Burki står i døra og ønskjer alle velkommen.
Foto: Roar Strøm/NRKI Molde kan du få ei helt spesiell oppleving på den internasjonale kafeen. Her møtest asylsøkjarar og andre som har fått opphald, saman med fast busette. Her får dei ta del i kvarandre sin kultur.
Dei som står bak tilbodet meiner møtestaden er viktig for å lukkast med drift av asylmottak og busetting.
"Ta et lite skritt inn i en større verden" er slagordet for Internasjonal cafe i Molde. Og dei som tar steget blir tatt godt imot.
Aukande besøkstal

Lone Anderson er leiar i KIA
Foto: Roar Strøm/NRKEtter ein trang start med få besøkande, har det no tatt heilt av. Kafeen blir fylt kvar laurdag av asylsøkjerar, folk som har fått opphald og Moldenserar.
Mellom 60 og 100 er innom kvar gong, - og då er det mange som ikkje skriv seg på gjestelista, seier Lone Anderson.
Kia, som står for Kristent Interkulturelt Arbeid, har hovedansvaret for drifta av kafeen. Og frivillige frå Røde kors og brukarane sørger for den fleirkulturelle kafeopplevinga .
- Flott tilbod

Ghassa Alsadi meiner tilbodet er svært viktig og at det bør aukast.
Foto: Roar Strøm/NRKMustaffa Abukalil frå Palestina synest det er eit flott tilbod. Han kjem til kafeen for å treffe familie og andre frå sitt eige heimland.
Andre som kjem innom seier dei er der for å få eit godt forhold til nordmenn og til folk frå andre nasjonar.
- Dette meiner eg er svært viktig, og vi bør auke tilbodet, seier Ghassa Alsadi, også han frå Palestina.
Den største økonomiske bidragsyteren er Molde kommune. Kafeen har fått firedobla tilskotet det siste året, noko som kan vise seg å vere godt plasserte pengar.
Siste: Møre og Romsdal
Bildegalleri frå Møre og Romsdal
Bildegalleri frå Møre og Romsdal
Siste frå Møre og Romsdal
Siste nytt innanriks
- Sliter med ekstremt kattehold
- Hein Bæra lot familien se Breivik
- Breivik planla flukt med småfly
- Døde etter kollisjon i fjellvegg
- To nye siktet i Klemetsrud-drapet
- En person død i fjellveggkollisjon
- Trondheim Ap vil bytte ut Halvorsen
- Vurderer verneplikt for kvinner
- - Førstepremien er 700 millioner
- Sp vil ha skog inn i klimameldinga


Februar 3



