Hopp til innhold

Tusenvis av arbeidsplassar i fare

Skipsindustrien er samla til krisemøte i dag - næringsministeren kjem til Verftskonferanse.

Industri
Foto: Ole Christiansen / Scanpix

Tusenvis av arbeidsplassar i skipsindustrien er usikre på grunn av ordretørke.

Situasjonen er verre enn på lenge, seier bransjesjef i Norsk Industri, Egil Holland.

Få nye kontrakter

Utsiktene er dystre for den maritime industrien. I toppåret 2006 vart det inngått kontraktar for 85 nybygg. Så langt i år er det inngått kontrakt om berre seks-sju nye båtar.

Krisa kan bli djupare enn på lenge, seier bransjesjef i Norsk industri, Egil Holland.

- Sjølve situasjonen er alvorleg fordi det ikkje blir skrive skrive kontrakter nasjonalt eller internasjonalt. Vi har berre ordrar for 1,4 milliardar i år. Det er ingenting, seier Holland.

- Kinesarane kan ta over meir

Det er sviktande marknad og konkurranse frå land som Kina og India som er den største utfordringa. Så langt har dei konsentrert seg om masseproduksjon av enkle farty, men faren for at dei skal ta over endå meir av marknaden er til stades, ifølgje Egil Holland.

- Vi er i ein konkurranseutsett industri, det er klart det kan vere ein fare for det, meiner Holland.

Trur arbeidsplassar kjem til å ryke

Næringsminster Trond Giske har gitt klar ordre. Garantiinstituttet for eksportkreditt, Eksportfinans og Innovasjon Norge skal i løpet av tre veker legge på bordet konkrete innspel til korleis ein kan dempe krisa i skipsindustrien. Arbeidet er i full gang, seier regiondirektør i Innovasjon Norge, Bjørn Tunheim

- Vi ser alt no at det er kompetanse, omstilling og utvikling og marknadsregulerande tiltak som vi kjem til å jobbe mot, seier Tunheim.

Skipsindustrien er syklisk. Etter nokre gode år står igjen arbeidsplassar i fare.

- Ein del arbeidsplassar kjem heilt sikkert til å bli borte i denne prosessen. Det skjer alltid i slike omstillingsprosessar. Eg trur likevel at om vi arbeider godt i denne situasjonen så vil vi ta vare på kompetansearbeidsplassane som vi skal leve vidare på. Då vil vi stå godt budd til å ta neste utfordring, sier han.