Spelar kvarandre gode
30 unge musikarar er denne helga med på den første Bandcampen i Noreg. Profesjonelle støttespelarar lærer dei samspel på Eiksund.
Publisert 18.10.2009 17:07.
- Skriv ut
- Dette er berre rått, seier Bror Magnus Tødenes.
Han er ein av dei 30 lokale musikarane i alderen 14-20 år, som denne helga har inntatt Eiksund skule.
- Eg lærer så utruleg mykje kult. Berre det å lære seg å lytte til dei eg spelar saman med, i staden for å pøse på med mine riff slik eg gjer det når eg øver åleine. Eg kjenner kor hovudet veks, spøker den unge gitaristen.
Ein draum sett ut i livet
Elektrisk energi og drivande takter strøymer ut av alle klasserom, og til saman fem band driv med det dei likar aller best. Det er Bertil Tødenes som er mannen bak dette arrangementet. Saman med Morten Feiring og Sølve Styve Sæbø har dei fått sett ein draum ut i livet.

Bertil Todenes var initiativtakar til Bandcampen på Eiksund.
Foto: Pål Kristian Lindseth/NRK- Det var vel eg som hadde ideen, men utan støtte frå fleire andre, hadde dette framleis berre vore ein draum. Dette er ein dugnad og det er heilt gratis for alle som er med, seier trommeslagar Bertil Tødenes.
Han har drive med musikk så lenge han kan hugse og skulle ynskje det fanst eit slik opplegg då han var yngre.
- Eg har mange gongar ynskt meg ein slik ressurs som dette. Tenk om eg hadde fått slik kunnskap så tidleg i karriera. Då hadde eg spart meg for mykje fomling og uvanar, seier trommeslagaren.
- Er det ikkje herleg?
Gjennom si musikarkarriere i Oslo, samarbeidde han for nokre år tilbake med mange røynde musikarar. Fleire av desse har han no fått med på Bandcamp-prosjektet i Eiksund. Ein av dei, Lage Thune Myrberget, er pedagog og underviser ved Norges musikkhøyskole og ved Nordisk Institutt for scene og studio (NISS) i Oslo.
Han lærer deltakarane å lytte og å spele kvarandre gode.
- Det handlar i stor grad om å forenkle. Men det er vanskeleg. Det går lettare med nokre triks som profesjonelle musikarer har brukt år på å lære seg. No får desse ungdommane dette gratis. Er det ikkje herleg? spør musikkpedagogen.
Bertil Tødenes er svært fornøgd med å ha Myrberget på laget.
- Lage Thune Myrberget har 25 år bak seg som komponist og musikar, og har vore med på dei fleste av store fjernsynsproduksjonane i Noreg der musikk og sceneproduksjon er viktig, seier Bertil Tødenes.

Bottolf Lødemel heldt låtskrivarkurs på bandcampen
Foto: Pål Kristian Lindseth/NRKDei har også fått med seg ørstingen Bottolf Lødemel, som lærer dei å skrive hitlåtar. Han er kjend frå komponistbyrået "Waterfall Music", og han har skrive ei rekkje hitlåtar for norske og internasjonale artistar. Mellom anna for Kylie Minouge.
- Det å få med desse karane er berre gull, seier Bertil Tødenes.
Mange aha-opplevingar
Og det ville fleire av ungdomane skrive under på.
- Dette er berre fantastisk, seier Kristoffer Ulstein. Eg har berre spela nokre få gongar med andre, og no har eg fått så mange aha-opplevingar at det rekk for eit år. Heilt til Bandcamp 2. For den må berre kome, seier Ulstein.
Bandcamp i Eiksund går over to helgar. Denne helga lærer dei å spele saman og å skrive eigne låtar. Neste helg vert det rigga til eit profesjonelt studio på Eiksund skule, og der skal dei fem banda spele inn kvar sin eigenkomponerte song på cd. Den store finalen vert ein gratiskonsert på samlingshuset i Eiksund neste helg. Der vert alt materialet banda har produsert og øvd på denne helga urframført.
(NRK)Siste: Møre og Romsdal
Bildegalleri frå Møre og Romsdal
Bildegalleri frå Møre og Romsdal
Siste frå Møre og Romsdal
Siste nytt innanriks
- Må gå i 10. klasse flere år
- Dropper ikke alkohol på årsmøtet
- Dødsulykke i Tønsberg blir gransket
- Stabilt for elever etter bilulykke
- Oppretter krisesenter i regjeringen
- – 19-åring truet ambulansesjåfør
- Kartlegger overvåking av ansatte
- Politiet merket 22. juli-bilder
- Amnesty ber Norge legge Syria-press
- – Kan være flere lekkasjer


Februar 4




