Vegring mot vaksine
Mange gravide er mellom dei som vegrar seg mot vaksinen. Sjå video over.
Mange gravide vil ikkje ta vaksine mot svineinfluensa trass i at styresmaktene rår dei til å stille seg først i køen.
Publisert 09.10.2009 09:25.
- Skriv ut
Mange usikre
Mange gravide i vegrar seg mot svineinfluensa-vaksinen. Dei første dosane kjem no i oktober, og helsestyresmaktene rår dei som ventar barn til å vaksinere seg.
Men mange nølar.

Bylkeslege Bergljot Vinjar rår alle til å ta vaksine mot svineinfluensa.
Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen/NRKFylkeslegen i Møre og Romsdal, Bergljot Vinjar, seier helsestyresmaktene ikkje veit korleis influensaen vil slå ut i neste runde. Ho meiner vaksinen kan hindre at dette blir ein svært alvorleg sjukdom for mange, og det vil då vere ein stor fordel om alle vaksinerer seg.
Helsestyresmaktene samanliknar svineinfluensaen med spanskesjuka som var svært alvorleg og kom igjen i fleire bølgjer. Bergljot Vinjar seier det er vanskeleg å spå når neste omgang med svineinsluensa slår til, så når tilbodet om vaksine no kjem anbefalar ho heile befolkninga til å ta den.
Førebur massevaksinasjon

Helsesjef i Molde, Henning Fosse garanterer vaksine til alle til rett tid.
Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen/NRKKommunane førebur no massevaksinasjon mot influensa. Det kan bli ulike løysingar i dei forskjellige kommunane. I Ålesund er det planar om å ta i bruk Color Line Stadion.
I Molde kan det bli aktuelt å nytte rådhuset i tillegg til dei kommunale legekontora. Helsesjefen i Molde, Henning Fosse seier at alle kan føle seg trygge på at dei skal få den vaksinen dei skal ha på eit forsvarleg tidspunkt.
Siste: Møre og Romsdal
Bildegalleri frå Møre og Romsdal
Bildegalleri frå Møre og Romsdal
Siste frå Møre og Romsdal
Siste nytt innanriks
- – Kan være flere lekkasjer
- USA etterlyser norske oljearvinger
- All stans forbudt bak Stortinget
- Brøset Regionale Tryggingsavdeling
- Difor må observasjonen skje på Ila
- - Forferdelege forhold i Kinshasa
- Mener bistandsadvokat lekker
- Antyder Kina-boikott av Norge
- Breivik tvangsinnlegges på Ila
- Beslaga hasj verdt syv millioner


Februar 4



