Kapproing gav innsamlingsrekord

Kapproinga i hamna i Kristiansund i går gav ny innsamlingsrekord. To brør står bak arrangementet som gir barneavdelinga på sjukehuset 225 000 kroner.
Publisert 27.09.2009 11:42. Oppdatert 28.09.2009 14:40.
- Skriv ut
Pengane kjem frå startkontingenten frå omlag 20 båtar. I tillegg var det loddsal i hamna, bankett og utlodning laurdag kveld.
- Det varmar hjartet å sjå gjevargleda. Det var surt, grisete ver i Kristiansund laurdag, men folk møtte fram likevel, seier ein oppglødd Ole Petter Taknæs. Han er lege, og fekk ideen då han stilte opp på eit liknande arrangement i Trondheim under studietida.

Brørne Svein (til venstre) og Ole Peter Taknæs står bak arrangementet som samlar inn pengar til barneavdelinga på sjukehuset i Kristiansund.
Foto: Øyvin M. GrødahlPoliti og sjørøvarar
Både politiet, Bergan sjukeheim og fleire sjukehusavdelingar var representert, saman med ein gjeng frå Smøla og Frøya. Dei kapprodde strekninga frå vågen til piren, inne i hamna i Kristiansund - i politiuniformer, med munnbind og hette, og enkelte også i sjørøvardrakter.

Politiet stilte opp i uniformer og kapprodde under arrangementet i Kristiansund laurdag.
Foto: Øyvin M. Grødahl- Planen var opphavleg å ro mellom dei fire landa, men veret sette ein stoppar for det. Det var rett og slett uforsvarleg, seier Taknæs.
Til sjuke born
Pengane som blei samla inn går utelukkande til barneavdelinga. På festen laurdag kveld takka sjukehusleiinga for ekstrakronene, for dei kjem godt med. Det er Taknæs-brørne glade for.
- Vi veit at pengane skal gå til tv, spel, kanskje til å lage det ekstra koseleg på nokre rom. Vi har ikkje lagt føringar, men vil at sjuke born skal få det "lille ekstra", seier Taknæs. Han meiner det offentlege burde klart seg sjølv, men seier det då er fint å vite at det er ei ekstra svak gruppe som får pengane.
- Sjukehuset har tyna budsjett, sånn er det berre, men vi skulle sjølvsagt ønskt at dei hadde pengar sjølv, seier han.

Tilsette frå fleire avdelingar på sjukehuset i Kristiansund var med på rokonkurransen laurdag.
Foto: Øyvind M. GrødahlNy kapproing
Taknæs-brørne gir seg ikkje med dette. Kapproinga i hamna i Kristiansund skjedde for første gong for to år sidan. Då samla dei inn rundt 150 000 kroner. I år blei det altså rundt 225 000 kroner, og no satsar dei igjen om to år.
- Vi vil ikkje brenne ut folk, difor har vi i utgangspunktet tenkt å vente i to år, men vi får sjå. Vi opplever eit fantastisk engasjement, og det å kombinere noko utruleg artig med eit godt føremål er ekstra kjekt, seier Taknæs.
(NRK)Siste: Møre og Romsdal
- Schjetne på ungdomslandslaget
- No startar kampen for nytt fengsel
- Rusførebyggjer i barnehage
- Fra babes til babyer for 120 days
- AaFK jaktar på nye spelarar
- Mange dårlige fengsler i Norge
- Får ikke se Tore lese nyhetene
- Seksuelt utnytta av støttekontakt
- Nattestengte vegar
- 70 misser jobben i Kristiansund
Bildegalleri frå Møre og Romsdal
Bildegalleri frå Møre og Romsdal
Siste frå Møre og Romsdal
Siste nytt innanriks
- – Det var et helvete for meg
- – Opposisjonen er på statsrådjakt
- Gikk til angrep mot politiet
- – Tilliten til mat i Norge svekkes
- Drammen tester felles nødnummer
- Omsorgsteknologien er over oss
- – Brevveksler med meningsfeller
- Mange dårlige fengsler i Norge
- Mange vil unngå E18-bommene
- Her smeller terrorbomben i Oslo


Februar 7



