11.02.2012

Ikkje krise i maritim næring

Far Samson (Foto: Fuglefjellet / Farstad shipping)

METTA MARKNAD: Direktør Karl Johan Bakken i Farstad Shipping er bekymra for dei komande åra i næringa.

Foto: Fuglefjellet / Farstad shipping

Den maritime næringa har klart seg bra, men er avhengig av ei ny ordrebølgje for å kome i gong, meiner økonomiprofessor.

IKKJE KRISE: Økonomiprofessor Arild Hervik meiner den maritime næringa har klart seg bra i finanskrisa.

Trass økonomiske nedgangstider, og lite nye ordrar, har den maritime næringa klart seg bra til no.

Men dei er avhengig av ei ny ordrebølge, seier økonomiprofessor Arild Hervik

Trur bekymringa vil auke

- Dette er i ferd med å bli rimeleg tungt. Men samstundes er det grunn til å seie at denne næringa er van med tunge tider, seier Hervik.

Næringslivet om Stortingsvalet

  • Valresultatet var eit nærliggande tema i mange miljø dagen etter valet. Det stod ikkje på dagsorden på konferansen som den maritime næringa hadde i Ålesund tysdag, men synspunkta låg der.
  • Reporter er Malin Kjellstadli Korsnes.

Høyr reportasja her: Næringslivet om Stortingsvalet

På den årlege konferansen til den maritime klynga på Sunnmøre, la økonomiprofessor Arild Hervik fram ein rapport om ståda i næringa.

Han seier at industrien tærar på ordrereservane sine, men slik kan dei ikkje halde det gåande.

- Når me nærmar oss 2010 og 2011, så kjem nok bekymringa til å auke i næringa. Det store spørsmålet er: Når kjem neste ordrebølgje?

- Uroleg

- Forventar du tapte arbeidsplassar?

- Det vil nok gå tungt på sysselsetjingssida også i 2010, ned på grunnfjellet.

Karl Johan Bakken (Foto: Rune Hustad/NRK)

- UROLEG: Karl Johan Bakken er spent på kor lenge kontraheringsstoppen vil vare.

Foto: Rune Hustad/NRK

Karl Johan Bakken er administrerande direktør i Farstad Shipping. Han er uroa over situasjonen.

- Eg er uroleg over totalbildet i klynga her på Møre, fordi me ser ordretørken kome. Marknaden er slik at me er overmetta på skip, uansett segment. Det betyr at det vil bli ei pause på kontraheringssida ei stund framover. Det me er spent på er kor lang den pausen blir.

(NRK)
Banner valgresultat 2011 468x110

Bildegalleri frå Møre og Romsdal

Bildegalleri frå Møre og Romsdal

Verradar Vestlandet

Radar Vestlandet