Hopp til innhold

Fotoboksar i Eiksundtunnelen

Det blir montert fire fotoboksar i Eiksundtunnelen. Kravet om fartsmålarar kom etter dødsulykka for ein månad sidan, og alt tyder på at dei blir sett opp i løpet av kort tid.

Eiksundtunnelen
Foto: Andreas Sundby / NRK

Trafikksjef Harald Valved i Vegvesenet seier til NRK at det blir montert to fotoboksar i kvar ende av Eiksundtunnelen:

- Vegvesenet har allereie vore på staden og vurdert plassering av fotoboksane, så fartsmålarane kan kome plass nokså raskt, seier Valved. Kravet om fartsmålarar blei aktualisert etter den alvorlege dødsulykka i Eiksundtunnelen for ein månad sidan.

- Positivt

Per Otto Myklebust

Lensmann Per Otto Myklebust i Herøy og Sande.

Foto: Andreas Sundby / NRK

Lensmann Per Otto Myklebust i Herøy og Sande er ein av dei som har arbeidd for å få fotoboksar i Eiksundtunnelen. Han er glad for avgjerda:

- All erfaring viser at farta blir redusert når det kjem opp fotoboksar, så dette er vi positive til. Vi klarer uansett ikkje å ta alle, men vi håper at boksane fører til redusert fart, seier Myklebust. Han trur folk flest syns det er bra med fotoboksar i Eiksundtunnelen.

Krav frå ordførarar

Både det lokale politiet og ordførarar på Sunnmøre har tidlegare kravd at det blir sett opp fotoboksar i Eiksundtunnelen. For ein månad sidan omkom fem personar i ein front-mot-front-kollisjon. I ettertid konkluderte politiet med at svært høg fart var ei av årsakene til ulykka. Målingar viste at personbilen hadde ei fart på 198 kilometer i timen, og alle fire i bilen omkom. Det gjorde også føraren i den møtande bilen.

Dødsulykka i Eiksundtunnelen ramma hardt. Fem omkom.

Fem omkom i dødsulykka i Eiksundtunnelen i slutten av juni.

Foto: Heidi Fjørtoft Klokk / NRK

Vegvesenet sa nei

Vegvesenet har tidlegare vore tilbakehaldne med å setje opp fotoboksar i Eiksundtunnelen. Sjølv om fartsmålingar til vegvesenet viser at det er mykje råkøyring i tunellen på kvelds- og nattestid har distriktssjef Ragnhild Vestre tidlegare uttalt til NRk at fotoboksar ikkje er aktuelt. Tysdag blei det kjent at det likevel vil bli sett opp to boksar i kvar ende av tunnelen. Det er førebels ikkje klart eksakt når dette skjer.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL