Hopp til innhold

Bønder til kamp mot gjess

Væpna med kuler og krutt går fortvilte bønder no til angrep på grågåsa. Flokkar av grågjess ruinerar dyrkamark i stadig fleire kommunar i fylket, og i år startar jakta ekstra tidleg.

Flyktande grågås på Holmemstranda

Grågåsa flyktar frå innmarka på Holmemstranda straks folk nærmar seg.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK

I stadig fleire kommunar i Møre og Romsdal blir det no opna for grågåsjakt. Årsaka er dei store grågåsflokkane som gjer omfattande skade på innmark. Vel to veker før normal jaktstart kunne bøndene sist helg starte på jakta i Haram, Rauma, Sandøy, Aukra, Halsa og Smøla. Neste helg opnar grågåsjakta i Vestnes også.

- Talde nesten 100

Bonde Oddvar Sandnes på Holmemstranda

Bonde Oddvar Sandnes er glad for tidlegjakt på grågås i juli, men hadde gjerne sett at jakta starta straks fuglane kom om våren.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK

Bonde Oddvar Sandnes på Holmenstranda i Rauma talde nesten 100 fuglar i går, og han seier dei tek alt graset frå stranda og 100 meter oppover marka:

- Det blir fullt av skit, og dyra vil ikkje ha maten, rundballane, fordi det er skit i graset, seier Sandnes, og legg til at også kornet blir øydelagt:

Oddvar Sandnes

Bonde Oddvar Sandnes.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK

- Gåsa tek kornet etterkvart som det spirar, seier han. Sandnes har tru på tidleg jaktstart:

- Vi skulle eigentleg ha vore der første gongen grågåsa kom på land, då burde vi fått lov til å jakte. Då ville ho kanskje skydd oss, seier han.

Håper på effekt

Titusenvis av grågås hekkar kvart år på kysten av Norge, og bønder i fleire kystkommunar har problem med at dei invaderer dyrka mark. Tidlegare var det dei ytterste øykommunane som fekk årleg besøk, men dei siste åra har store flokkar også gått laus på dyrka jord lenger inne i landet.

Viltforvalter Ulf Lucasen

Seksjonssjef Ulf Lucasen hos Fylkesmannen.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK

Seksjonssjef Ulf Lucasen ved areal- og miljøvernavdelinga hos Fylkesmannen håper tidlegjakt kan vere effektivt:

- Det er for å gje høve til å hauste av grågåsbestanden, og samstundes sørge for at fuglane held seg unna marka, seier han.

Er du ramma av problemet? Fortel om det her!