Hopp til innhold

Kvalm av helikoptereksos

Tilsette ved Ålesund sjukehus må avbryte arbeidet på grunn av kvalme, hovudverk og ubehag.

Helikopteret til Norsk lufttransport som er stasjonert i Ålesund

Helikopteret til Norsk lufttransport som er stasjonert i Ålesund.

Foto: Pål Kristian Lindseth / NRK

Problema starta då det nye ambulansehelikoptret kom i fjor haust. Det har óg blitt bygd ein ny tunnel frå hangaren, som gjer at eksos kjem inn i sjukehuset.

- Heldigvis er det ikkje helsefare knytt til dette, men det er uakseptabelt at tilsette er plaga, seier Helge Ristesund, assisterande administrerande direktør i Helse Sunnmøre.

Difor vil han prøve å få gjort noko med denne saka rett over sommaren.

Nytt helikopter

Assisterende direktør i Helse Sunnmøre, Helge Ristesund

Helge Ristesund

Foto: Arild Pettersen / NRK

No har Helse Sunnmøre og assisterande administrerande direktør Helge Ristesund invitert luftambulansetenesta til eit møte for å finne ei løysing på problemet.

I Ålesund er det mange som har klaga, og Helse Sunnmøre har og motteke klagar frå naboar av sjukehuset.

- Kva løysing som fins på dette er altfor tidleg å seie, vi har som sagt ikkje sett oss skikkeleg inn i saka sjølv, men er svært interesserte i å høyre meir om situasjonen når vi snakkar med sjukehuset over sommaren. Ambulansehelikopteret i Ålesund fyller ein svært viktig funksjon, så det er ikkje så enkelt som å fjerne det, seier Ristesund.

Ikkje problem andre stader

Luftambulansetenesta har i alt tolv helikopter, og tre av denne typen. Dei to andre er i Brønnøysund og Tromsø, kor det ikkje er tunnel mellom hangarane og sjukehusa. Medisinsk rådgjevar i luftambulansetenesta Pål Madsen har ikkje motteke meldingar om liknande problem desse stadene.

- Det er ei kjend sak at helikoptertrafikk gir nokon luktplager når ein landar, så dette er ikkje noko ukjent fenomen. Men det er nytt for oss at ein kan få så alvorlege plager som dette. Difor vil vi no følgje dette opp saman med sjukehuset, seier Madsen.

Er du plaga av eksos fra helikopteret? Fortel om det her!