Hopp til innhold

Reagerer på Frp-utspel

Georg Rønning i foreningen FattigNorge i Ålesund reagererer sterkt på Frp sitt utspel om at sosialklientar må stå opp tidleg på morgonen for å få utbetalt sosialstønad.

Georg Rønning

REAGERER: Georg Rønning i Foreningen FattigNorge reagerer på Frp sitt utspel om møteplikt for sosialstønad. Her er han i studio i NRK Møre og Romsdal for å diskutere saka.

Foto: Åge André Breivik / NRK

Nestleiar i Framstegspartiet, Per Arne Olsen sa i dag at dersom Frp kjem til makta vil dette bli ein realitet for sosialklientar.

Georg Rønning meiner det er meiningslaust å tvinge folk opp om morgonen.

- Me ser at det å stå opp om morgonen ikkje er det store problemet. For då må ein spørje seg kvifor ein ikkje kan stå opp om morgonen. Her ligg det mykje angst, det ligg mykje gjeld. Folk ligg våkne om natta og det er mykje smerter.

For betre døgnrytme

- Nokre ligg våkne til ut på morgonen og får så nokre timar med søvn. Då må ein spørje kvifor ein ikkje står opp. Det er ikkje så enkelt som at ein må stå opp om morgonen.

Per Arne Olsen

VIL SETJE KRAV: Per Arne Olsen vil stille krav til sosialstønadmottakarar.

Foto: Sven Håkon Kulbeck / NRK

Fredag kom Frp sin nestleiar Per Arne Olsen med det kontroversielle utspelet. Han vil krevje at sosialklientar under 30 år skal melde seg i tidsrommet mellom kl 8 og 10 om morgonen for å motta sosialstønad.

Dette skal hjelpe dei til å få ei døgnrytme lik dei som jobbar. Olsen meiner det kun er rett og rimeleg å stillle krav til dei som får støtte.

- Min son får vekepengar kvar veke, men då set me krav til kva han skal gjere. Slik skal det også vere for sosialstønadmottakarar, seier han.

- Uheldig

- Viss du tek i mot sosialhjelp som du har krav på, og som du skal få, så er det ikkje urimeleg at dei som betalar ut stønaden kan stille eit krav til deg, nemleg at du skal stå opp om morgonen.

Rønning i FattigNorge meiner Frp vil overstyre sosialklientane. Han meiner kravet, som i utgangspunktet skal gjelde personar under 30 år kun ville fungert som eit frivillig tilbod. Han har ikkje tru på velferd basert på tvang.

- Kirkens Bymisjon og Kirkens Sosialhjelp har jo slike tiltak. Det som er problemet er at dette er eit frivillig tiltak, som er ope for alle, medan det ein ynskjer no er rein tvang. Me har i dag eit kontrollregime som kontrollerer nok, og det å pålegge folk å møte utan at det fyl meir med, syns eg er veldig uheldig, seier Rønning.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL