Hopp til innhold

Dårleg fisk stoppa frå import

Delar av eit parti på 118 tonn torsk hadde byrja å rotne. For dårleg til menneskeføde, meiner Mattilsynet.

Dårleg Alaska-torsk

Fisken var sprukken, blodsprengd, oppløyst i fiskekjøtet og hadde avvikande lukt, skriv Mattilsynet i rapporten.

Foto: Mattilsynet

Mattilsynet i Ålesund har nekta ein fiskeimportør å ta inn 118 tonn med Alaska-torsk til Noreg. Torsken var meint til klippfiskprodusentar på Sunnmøre, men delar av partiet hadde byrja å råtne.

–Uvanleg

Det er sjeldan ein finn så dårleg fisk, seier seniorinspektør Oddvar Kjell Røsvik i Mattilsynet.

–Det var ein for stor andel av fisken som hadde feil til at vi kunne tillate han importert.

Røsvik seier at delar av fisken hadde byrja å rotne fordi han hadde vore oppbevart for lenge med innvollane i.

Svært dårleg kvalitet

Dårleg torsk
Foto: Mattilsynet

Grensekontrollen og Mattilsynet kontrollerte partiet med Alaska-torsk i slutten av mai. Prøvene viste at fisken var av ein svært dårlig kvalitet.

I Matilsynet sin rapport står det at fisken er harsk, buktært og har betydelige lever- og/eller galleflekkar. Fisken var sprukken, blodsprengd, oppløyst i fiskekjøtet og hadde avvikande lukt.

Fisken tatt av amerikanske fiskarar utanfor den nordre delen av Alaska.

Amerikansk sesongfiske

Ifølgje Røsvik stammar fiske frå eit sesongfiske på seinvinteren i Alaska. Truleg er det småtrålarar som ikkje sløyer fisken, men oppbevarer han i tankar med sjøvatn og leverer fisken til landanlegg der han blir sløygd og frosen.

Røsvik trur det har vore ein kombinasjon av for lang tid og for høg temperatur, slik at innvollane har byrja å gå i oppløysing og har trekt inn i bukvevet på fisken.

–Då blir det ikkje særleg bra, seier Røsvik.

Vil selje fisken

Ålesundsselskapet som eig fisken seier at dei ikkje har teke noko avgjerd om kva som skal skje med fisken, men dei stadfestar at fisken vil bli selt utanfor EU-området.

Røsvik sier at importfirmaet har fått ein klar frist på å få fisken ut av EØS-området.