Hopp til innhold

Superreserven slo til

MFK slo Kongsvinger 1-0, og superreserve Rune Ertsås avgjorde kampen.

Rune Ertsås har scora for MFK i år

Rune Ertsås, matchvinnar

Foto: Roar Strøm / NRK

Molde - Kongsvinger

Frå kampen torsdag kveld

Foto: Lars Thomas Nordby / NRK

Atter ein gong var det trønderen Rune Ertsås som avgjorde ein kamp for MFK som innbyttar. Rett nok har han ikkje fått spele så mykje som han har ønskt i år, men konkurransen er knalltøff i Molde si angrepsrekke i år.

I serieopninga scora Ertsås sigersmålet då Molde slo Lyn 1-0 på Ullevål. Etter dette har han fått spele lite på A-laget, men på Molde2 i 2.divisjon har han scora jamt og trutt.

Innbyttar avgjorde

Ti minutt før full tid mot Kongsvinger fekk Ertsås sjansen. Eit frispark frå høgre vart slått inn i feltet og returen hamna hos måltjuven frå Steinkjer som sikkert sette ballen i nota frå 11-12 meter. Dermed kunne MFK sitt publikum pusta letta ut og gle seg til trekninga i 4.runde som skjer fredag klokka 12.00.

Etter kampen var Ertsås godt fornøgd med at han sikra avansement til 4.runde, men han legg ikkje skjul på misnøyen med at han får spele så lite.

Kjell Jonevret

Fornøgd MFK-trenar

Foto: Arne Flatin / NRK

Trenar Kjell Jonevret derimot er sikker på at han får meir og meir bruk for Ertsås sine tenester ut over i ein lang sesong der det vert karantenar og skadar. Jonevret var godt fornøgd med sigeren då NRK snakka med han rett etter kampen. Men han var overraska og skuffa over det han karakteriserer som dårleg publikumsframmøte (1700 tilskodarar).

Mest fornøgd etter kampen var nok uansett Rune Ertsås som neppe får starte seriekampen mot Fredrikstad på søndag.