Hopp til innhold

Herleg pinse

Møre og Romsdal har vist seg frå si beste side denne pinsa.

Miriam Palmer med mormor Jorunn Søvik og pappa Thomas Palmer kosar seg i frisk vind på Tueneset.
Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Eit yrande folkeliv ute viser at folk prisar sommaren. Tueneset i Ålesund har vore flittig besøkt denne helga og Miriam Palmer med mormor Jorunn Søvik og pappa Thomas Palmer har fått testa dragen.

Badeliv

Fride Helen Hoff Roald, Helge Hoff Roald, Solfrid Johanne Hoff Roald og Katarina Geron.

Frå venstre: Fride Helen Hoff Roald, Helge Hoff Roald, Solfrid Johanne Hoff Roald og Katarina Geron.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Mange har tatt årets første bad i pinsehelga, men ikkje alle synes det var så veldig varmt.

Fride Helen Hoff Roald, Helge Hoff Roald, Solfrid Johanne Hoff Roald og Katarina Geron har vore på Tueneset i Ålesund, og der var ikkje temperaturen mykje å skryte av.

- Eg sette meg ned, men det var iskaldt! konstaterer Solfrid Johanne Hoff Roald.

Mamma Trude og Samantha Rich nøyar seg med å kose seg på land.

Mamma Trude og Samantha Rich nøyar seg med å kose seg på land.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Ny fin dag

Og har du enno ikkje tatt turen ut i sola, så er det ikkje for seint. Det ser ut til at sola vil halde seg i fylket resten av pinsa.

Men om vi skal skal tru på Meteorologisk institutt, vil det bli lågare temperaturar allereie frå måndag, og tysdag varslar dei også skyer og nedbør i store delar av fylket. Du kan sjekke varselet her .

Nyt solnedgangen medan du kan.

Solnedgang Valderøyfjorden.

Solnedgang Valderøyfjorden.

Foto: Henning Pedersen