Ørsta fyller fruktfata

Ordførar Gudny Fagerhol (t.v.) saman med rektor Marie Egset Haug, varaordførar Paul Kristian Hovden, rådmann Jan Petter Eide og elevar ved Ørsta ungdomsskule.
Foto: Roy-Arne FolkestadØrsta kommune har ombestemt seg: Til hausten skal ordninga med skulefrukt innførast på nytt.
Publisert 22.05.2009 10:32.
- Kommentarer
- Skriv ut
Det kom mange skarpe kommentarar då det tidlegare denne månaden blei kjent over heile landet at kommunestyret hadde fjerna ordninga med skulefrukt fordi Ørsta kommune har dårleg råd.
Ordninga med gratis frukt er lovpålagd. Pengane til frukta ligg inne i rammetilskota kommunane får, sjølv om desse midlane ikkje er øyremerkte.
Det gjorde ikkje saka betre for kommunen at rådmannen og ordføraren samstundes fekk solid lønsauke, sjølv om dette var resultatet av tidlegare inngåtte avtalar og ikkje hadde direkte samanheng med fruktsaka.
Eple og bananar
No har ordføraren, varaordføraren og rådmannen i fellesskap gjort om på vedtaket, og onsdag møtte dei opp på Ørsta ungdomsskule med eple og bananar i haugevis. Både elevane og rektor Marie Egset Haug var svært nøgde, fortel Møre-Nytt. Men det er ikkje press utanfrå som gjer at elevane igjen skal få gratis frukt, forsikrar rådmann Jan Petter Eide.
- Dersom kommunestyret hadde vore klar over kva lova seier om skulefrukt, så hadde nok budsjettvedtaket vorte annleis, seier han.
Eplekake
Førebels er det ikkje funne budsjettdekning for desse utgiftene, men rådmannen reknar med at avgjerda kommuneleiinga har gjort, får brei støtte blant politikarane. Utgiftene til frukt i eit heilt skuleår kjem på ca. 300 000 kroner.
Og ordførar Gudny Fagerhol hadde denne oppmodinga til elevane: - Et opp frukta, viss ikkje må kommunen vurdere å tilsetje folk som lagar eplekake!
Les også:
(Møre-Nytt)Siste: Møre og Romsdal
Bildegalleri frå Møre og Romsdal
Bildegalleri frå Møre og Romsdal
Siste frå Møre og Romsdal
Siste nytt innanriks
- Amnesty ber Norge legge Syria-press
- – Kan være flere lekkasjer
- USA etterlyser norske oljearvinger
- All stans forbudt bak Stortinget
- Brøset Regionale Tryggingsavdeling
- Difor må observasjonen skje på Ila
- - Forferdelege forhold i Kinshasa
- Mener bistandsadvokat lekker
- Antyder Kina-boikott av Norge
- Breivik tvangsinnlegges på Ila


Februar 4



