Hopp til innhold

Kivalinalosen fekk 30 000 i bot

Ein statslos i Kristiansund er i tingretten dømd til å betale 30 000 kroner i bot for ikkje å ha overhalde losplikta då "Federal Kivalina" gjekk på grunn.

Federal Kivalina
Foto: Wenche Horne

Havariet skjedde i Freifjorden i oktober i fjor.

Nekta å betale

Losen nekta først å betale bota. Men no har ein samrøystes rett dømd han til å betale. Retten meiner losen var aktlaus i samband med grunnstøytinga. Losen hevda at hand heldt på med viktige telefonar og trudde kapteinen hadde styringa då skipet var på veg til Sunndalsøra.

Dårleg ver

Det bles nordvestleg kuling tidleg om morgonen måndag 6. oktober. Då skipet kom mot Freifjorden byrja losen å tenkjer på om veret var godt nok til å kunne manøvrere skipet i Sunndalsfjorden. I følgje rettspapira diskuterte losen og kapteinen om bord om dei burde ankre opp ved Freineset i påvente av betre ver.

Telefonar

Losen ringte kaiformannen på Sunndalsøra for å undersøke tilhøva. Han vart usikker på svaret han fekk, men gav beskjed om at skipet måtte redusere farta. Han tok ei rekkje telefonar, og ringte så til agenten for å varsle om at han hadde bestemt seg for at skipet skulle ankrast opp ved Freineset.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Passerte punkt for kursendring

Mens kapteinen hadde desse telefonsamtalane hadde skipet passert eit punkt der det skal ha vore avtalt at skipet skulle endre kurs. Det tok så berre eit par minutt, kanskje mindre, før Kivalina gjekk på grunn ved Skarvneset lykt på Årsundkøya.

- Kapteinen passa på

Losen meinte han måtte frifinnast fordi han trudde at kapteinen og overstyrmannen passa på navigeringa medan han sjølv snakka i telefonen om vertilhøva. Han sa at det var svært viktig, under dei rådande vertilhøva, å få klarlagt om det var tilrådeleg å gå inn Sunndalsfjorden. Han kunne ikkje bebreidast for at det tok tid å få skikkelege svar om vindforholda, skal losen ha sagt i følgje rettspapira.

Sikker seglas

Retten på si side finn det klart at den fremste oppgåva til losen er å sikre trygg seglas. Alle andre oppgåver må underordnast denne omsynet. I dette tilfellet var losen oppteken med spørsmålet om det var rett å legge båten for anker i påvente av betre ver i Sunndalsfjorden. Losen var på brua under heile seglasen. Rett nok var han i bestikken for å få betre lysforhold til telefoneringa. Retten konkluderer med at bestikken er ein del av brua.

Kapteinen sitt ansvar

I rettsdokumenta går det også fram at kapteinen har eit ansvar i samband med grunnstøytinga. Det er vel slik at kapteinen på skipet kunne og burde ha sett at båten gjekk over puktet for planlagt kursskifte, og hadde plikt til å gjere noko. Kapteinen har då også vedteke eit forelegg for aktøyse her.