Hopp til innhold

Volding ny leiar i Mållaget

Håvard B. Øvregård er vald til ny leiar i Noregs Mållag.

Håvard Øvregård
Foto: Kjartan Helleve

34-åringen vart vald inn på landsmøtet til organisasjonen. Øvregård var einaste kandidat til stillinga, og føler han har organisasjonen i ryggen.

- Eg føler at organisasjonen er veldig samla. Det er jo veldig kjekt når ein skal vere leiar. I løpet av landsmøtet har eg snakka med mange, og det er både støtte til meg, og forventning til at eg kan få gjort ting i løpet av året, seier han.

Lang organisasjonserfaring

Håvard Øvregård er frå Volda og er 34 år. Han har brei organisasjonserfaring mellom anna frå Høgre, Norges Gymnasiastsamband, Norsk Målungdom, Landsrådet for Norske Barne- og Ungdomsorganisasjonar og den europeiske ungdomsparaplyorganisasjonen "European Youth Forum", skriv Noregs Mållag i ei pressemelding.

Siste året har han vore nestleiar i Noregs Mållag. Landsmøtet var samde om sakene som vart diskuterte, og i tillegg til nynorsk i media og nynorskopplæring for innvandrarar er det ei sak han vil jobbe med når han no tek over som leiar.

Vil ha meir enn eit år

- Nynorsk i skulen er, og har vore, ei viktig sak for Noregs Mållag. Det vil den også vere framover. Moglegheita til nynorske parallelklassar, og det å sikre nynorsk som sidemål der det er, samt det å halde på sidemålet er viktig for oss å jobbe med, seier Øvregård til NRK.

No tek han sikte på å halde fram som leiar i minst to år.

- Eg er vald inn for eit år, men har gitt beskjed om at eg gjerne sit minst to. Skal ein få gjort noko må ein nok bruke meir enn eit år, seier den nyvalde leiaren i Noregs Mållag.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL