10.02.2012

Stordalingar myldrar for forbetring

Barnas kommune-myldring Stordal (Foto: Bjørnar Midtbust)

Over 70 personar var møtte fram for å ta del i idémyldringa om barnas kommune i Stordal.

Foto: Bjørnar Midtbust

Over 70 stordalingar møtte tysdag fram for å kome med idear til korleis Stordal skal marknadsføre seg som "Barnas kommune".

På møtet var både ordførar, reklamebyrå og bygdefolk med på å fremje sine idear.

Målet for kommunen er å tiltrekke seg nye innbyggjarar. Per no er det om lag 1000 innbyggjarar, men håper å auke til 1100 i løpet av få år.

Kreativitet og diskusjon

- Dei som møtte fram vart inviterte til å vere kreative og diskutere med kvarandre, skriv Bjørnar Midtbust i ein epost til NRK.

Til høgre kan du sjå bilda frå samlinga tysdag.

Barnas kommune-myldring Stordal (Foto: Bjørnar Midtbust)

Innspel for å hjelpe Stordal vart slått opp på store plansjar under møtet.

Foto: Bjørnar Midtbust

Godt nøgde

Prosjektgruppa som jobbar med dette er samansett av politikarar, representantar frå kommuneadministrasjonen og ungdomsrådet. Dei var nøgde med møtet, der folk vart inviterte til å kome med innspel i fem kategoriar.

  • Kva må til for at fleire skal flytte til Stordal?
  • Kva er det mest positive med å bu i Stordal?
  • Vel ein ting du vil forbetre i Stordal?
  • Kva er mindre positivt med å bu i Stordal?
  • Viss du skulle skryte av ein ting i Stordal - kva?

Prosjektet blir offisielt opna i samband med Stordalscup 2009.

(NRK)
Banner valgresultat 2011 468x110

Bildegalleri frå Møre og Romsdal

Bildegalleri frå Møre og Romsdal

Verradar Vestlandet

Radar Vestlandet