Hopp til innhold

BitTorrent-suksess for "Der ingen skulle tru.."

Fleire tusen sjåarar har lasta ned serien "Der ingen skulle tru ..." i fullkvalitet til PC-ara over heile verda. Og det er heilt lovleg.

Der ingen skulle tru at nokon kunne bu i Kirkefjorden
Foto: Tor Sivertstøl / NRK

På nokre få dagar har NRK registrert over 10 tusen nedlastingar. - I den store samanhengen er det kanskje ikkje så mykje. Men det har vekt stor merksemd også internasjonalt at NRK satsar på denne teknologien, seier Eirik Solheim ved Utviklingsavdelinga til NRK.

Rønes mest populær

Episoden om den unge gardbrukaren på Røneset i Sykkylven har vore mest populær som nedlasting via BitTorrent. - Dette har kanskje med at episoden handla om ein ganske ung mann, men kanskje mest sannsynleg fordi denne episoden blei sendt omlag samstundes med at NRK lanserte BitTorrent-tensta for dette programmet, seier han.

Pirate Bay-teknologi

NRK satsar på same type teknologi som det omstridde selskapet "Pirate Bay", BitTorrent. No er det mogleg å laste ned "Der ingen skulle tru at nokon kunne bu" i full TV-kvalitet.

Her får du ei enkel ugreiing om BitTorrent-teknologien

Eigen BitTorrent-sentral

Den internasjonale merksemda handlar mest om NRK si satsing på denne typen teknologi, og ikkje først og fremst om TV-serien "Der ingen skulle tru at nokon kunne bu". - NRK har sett opp ein eigen BitTorrent-tracker, og det vekkjer internasjonal merksemd at NRK vil satse på denne typen teknologi, seier Solheim. Ein BitTorrent tracker kan samanliknast med ein sentral som held styr på kvar og korleis filene som skal lastast ned ligg i det store nettverket.

Eirik Solheim

Eirik Solheim

Foto: NRK

Ars technica skriv om NRK si satsing på BitTorrent

Boingboing kommenterer at NRK brukar same teknologi som Pirate Bay

Pirat-teknologi

I Noreg har fokuset gått mot at NRK tek i bruk "pirat-teknologi". Aftenposten skriv mellom anna at NRK har sett opp sitt eige "Pirate Bay" for å spare pengar. Til NRK Møre og Romsdal seier Eirik Solheim at NRK har gjort forsøk med denne tenesta tidlegare. - Vi hadde eit eksperiment med Nordkalotten-serien til Lars Monsen. Dette eksperimentet viste at det fungerte teknisk, publikum har vore nøgde og det er ei rimeleg distribusjonsform, seier Solheim.

Oddgeir Bruaset og Tor Sivertstøl

Oddgeir Bruaset og Tor Sivertstøl under opptaka til 'Der ingen skulle tru at nokon kunne bu'.

Foto: Tor Sivertstøl / NRK

Aukar verdien

Eirik Solheim har ikkje tru på at denne forma for nedlasting forringar verdien på programma til NRK. -Tvert om, seier han. Omfanget er framleis marginalt. Tilbodet har skapt auka merksemd kring programma, og vi skal heller ikkje sjå bort frå at dei som sit utanlands og skal kjøpe inn programma nyttar seg av tenesta, og får sett og vurdert programma på ein særs effektiv måte, seier han.

Artig bieffekt

Dei aller fleste TV-programma på NRK blir teksta for dei med høyrevanskar. - Når det gjelder "Der ingen skulle tru ..." følgjer også denne tekstefila med. Det har ført til at folk på eigen, fri basis har laga teksteversjonar på engelsk. Det betyr altså at "Der ingen skulle tru" er tilrettelagt for eit engelskspråkleg publikum utan at det har kosta NRK eit øre, seier Eirik Solheim.

Her kan du laste ned "Der ingen skulle tru at nokon kunne bu"

Her kan du lese om NRK og ny teknologi

Sjå "Der ingen skulle tru" i Nett-TV