Hopp til innhold

Steinras sperrar veg på Øye

Eit steinras sperrar vegen mellom Øye og Urke i Ørsta. Det er berre ein månad sidan sist det gjekk ras på staden.

Steinraset på riksveg 655 mellom Øye og Urke gjekk på same stad som sist det rasa i området.

29. januar 2009:

Vatn og lausmasse

Nokre hundre meter frå kaien i Øye sentrum rasa opp mot 1000 kubikk stein nedover fjellet.

- Det er truleg restane frå førre ras som var årsaka, seier Kjell Haukeberg i Statens vegvesen.

- Det er lausmasse frå eit skred som gjekk her tidlegare i vinter. Truleg er det ei oppdemming av ein del vatn i fjellfoten som no har brote ut og teke med seg lausmasse heilt ned på vegen, og delvis også ut i sjøen, seier Haukeberg.

Raset gjekk tidleg mandag morgon, og skal ha innehalde mellom 700 og 1000 kubikk stein.

Vurderer rasfaren

Haukeberg seier oppryddinga kjem til å ta resten av dagen og kanskje også delar av morgondagen. Det er berre halvannan månad sidan sist det raste på same staden. Denne gongen skal vegvesenet sikre seg.

- No har vi folk i området som vurderer ytterlegare rasfare, og når vi eventuelt skal byrje oppryddinga, fortel han. Ryddinga vil fyrst ta til når det er trygt.

- Det er lett og tenke seg at spørsmålet kjem opp, men vurderinga som vart gjort etter førre ras var at det var svært lite truleg at det ville skje igjen, seier han.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL