10.02.2012

Slangeutstilling klar for Ålesund

Kongepyton (Foto: Stig Morten Waage)

Atlanterhavsparken i Ålesund har fått eit sjeldant tilskot til attraksjonane sine. Fredag opnar ustilling av slangar.

Atlanterhavsparken i Ålesund har fått ein ny eksotisk attraksjon. I to månader framover blir det utstilling av slangar der.

Torsdag var dagen for slangeutpakking.

Den fyrste som skulle i buret var ein om lag tre meter lang rotteslange. Eller som eigaren kalla den, ein Hønseslange.

René Hedegaard (Foto: Stig Morten Waage/NRK)

- Den et fuglar i syd-Amerika, seier René Hedegaard, som eig rotteslangen som torsdag kom til Ålesund.

Foto: Stig Morten Waage/NRK

- Den et fuglar i Amerika. Den lev i Syd-Amerika, i regnskogen, i mange land, til dømes Ecuador. Den er veldig god til å fange fuglar, seier René Hedegaard.

- Den er ikkje giftig, forsikrar han, og seier folk ikkje treng vere redd han.

Lånt samling frå Bergen

I Atlanterhavsparken i Ålesund er det stor spenning og forventning framfor opninga av ei utstilling av i alt 34 små og store slangar. Samlinga har dei fått låne av Akvariet i Bergen.

Sigbjørn Anton Lerstad (Foto: Stig Morten Waage/NRK)

Sigbjørn Anton Lerstad er akvarist ved Atlanterhavsparken, og får no ansvaret for slangane medan dei er i Ålesund.

Foto: Stig Morten Waage/NRK
- Det er forbode for privatpersonar i Noreg å ha slangar, og no får vi ha dei her. Det er heilt topp, seier Sigbjørn Anton Lerstad, som er akvarist ved Atlanterhavsparken.

Jobben hans blir no å passe på at slangane har det godt, medan dei vitjar Ålesund.

- Eg må fore dei, passe på dei, skifte vatn på dei, forklarer han om oppgavene sine i tida framover.

Ved å klikke på lenka til høgre, kan du sjå bileta frå utpakkinga torsdag.

Størst i verda

Ein av artane som no vitjar Ålesund er ein grøn Anaconda. Dei kan kome opp i heile 9 meter og over 200 kilo, og er den største slangearten som fins i verda.

Remi Andersen (Foto: Stig Morten Waage/NRK)

Remi Andersen er reptilansvarleg ved Akvariet i Bergen, og overleverte samlinga i Ålesund torsdag.

Foto: Stig Morten Waage/NRK
- Då snakkar vi om slangar som blir veldig, veldig store, og tek kjempestore byttedyr, seier Remi Andersen, som er reptilansvarleg ved Akvariet i Bergen.

Smugkiking i vinterferien

Midt i vinterferien og masse folk i akvariet, som er heim fyrst og fremst for fisk. At noko så eksotisk som slangar var på veg inn vekte stor interesse.

Andrine Viset (Foto: Stig Morten Waage/NRK)

- Slangane var skumle, syns Andrine Viset, som smugkika då slangane kom til Atlanterhavsparken.

Foto: Stig Morten Waage/NRK

- Dei var veldig skumle, seier Andrine Viset, som fekk smugkike på slangane då dei kom til Atlanterhavsparken torsdag. Ho har aldri sett slangar før, men ville sjå då dei kom inn på akvariet.

Fredag opnar utstillinga, som skal vare i to månader.

(NRK)
Banner valgresultat 2011 468x110

Bildegalleri frå Møre og Romsdal

Bildegalleri frå Møre og Romsdal

Verradar Vestlandet

Radar Vestlandet