- 2009 blir dårleg for politiet

2009 blir eit stramt år for politiet trass i justisministeren sin påstand om ekstra løyvingar.
Publisert 26.02.2009 17:02.
- Skriv ut
Politimeisteren i Nordmøre og Romsdal, Arnstein Nilssen, tek justisminister Knut Storberge sine uttalar om politidistriktet til etterretning, men meiner likevel at 2009 blir eit kriseår.
I spørjetimen i Stortinget onsdag avviste Storberget politimeisteren sin krisepåstand.
- Knut Storberget: - Dere mangler ikke penger!
Han viste til at distriktet hadde fått dei pengane dei har behov for rekna ut frå fordelingsnøkkelen regjeringa bruker.
Nilssen er ikkje overrasket over svaret.
- Svaret var nok som venta. Budsjettet til politi- og lensmannsetaten blir fordelt etter ein fast fordelingsnøkkel, seier han. Denne nøkkelen gjer at uansett kor mykje som blir løyvd blir fordelinga fast.
Må kutte i år
- Då kan ein vere usamde i om den er riktig, og vi kan ønske oss meir ressursar, men skal vi halde oss til det budsjettet vi får i den nøkkelen, må vi nedbemanne, forklarer Nilssen.
Politimeisteren har tidlegare sagt at han trur politiet i Nordmøre og Romsdal kan kome til å måtte kutte både i stillingar og lensmannskontor for å halde seg innanfor dei rammene dei har fått.
- 18. februar: Smøla-ordførar Iver Nordseth fryktar nedlegging.
- 16. februar: Politiet må nedbemanne
- Vi har som sagt for mange tilsette i forhold til kor mykje pengar vi får etter den nøkkelen. Over tid må vi nedbemanne, og til vi får gjort det blir det stramme budsjett, seier han.
For stram nøkkel
Nilssen vil ikkje seie at det er for mange tilsette i forhold til arbeidsoppgavene i politiet, men det er nøkkelen som gjer at dei har for mange.
- Vi har uttalt oss om nøkkelen, og meiner vi burde hatt andre kriterie enn dei vi har blitt tilgodesett med, men så lenge nøkkelen gjeld, og vi får budsjett etter den, så har vi for mange tilsette, og må redusere mannskapet, seier han.
- Det håper vi å få til over tid ved hjelp av naturleg avgang.
- Det er ikkje slik at de har for lite arbeidsoppgaver?
- Nei, vi skulle gjerne hatt fleire folk, vi har nok å gjere for kvar enkelt. Det er ikkje der problemet ligg, fortel politimeisteren.
(NRK)Siste: Møre og Romsdal
Bildegalleri frå Møre og Romsdal
Bildegalleri frå Møre og Romsdal
Siste frå Møre og Romsdal
Siste nytt innanriks
- Amnesty ber Norge legge Syria-press
- – Kan være flere lekkasjer
- USA etterlyser norske oljearvinger
- All stans forbudt bak Stortinget
- Brøset Regionale Tryggingsavdeling
- Difor må observasjonen skje på Ila
- - Forferdelege forhold i Kinshasa
- Mener bistandsadvokat lekker
- Antyder Kina-boikott av Norge
- Breivik tvangsinnlegges på Ila


Februar 4



