10.02.2012

- Veldig gledeleg

Hanna Relling Berg (Foto: Trond Vestre/NRK)

- Dette er ei veldig gledeleg løysing for Sunnmørsposten, som gjer oss eit veldig godt grunnlag for å utvikle avisa vidare, seier redaktør Hanna Relling Berg.

Det er no klart at avisene i Edda Media i blir solgt til Polaris Media.

- Det vart vedteke på styremøte i Edda Media i går, og det går ut børsmelding no i morgontimane, både til børsen i London og Oslo.

No er spørsmålet kor mykje dette vil få å bety for avisene og for deira lesarar.

- Dette er ei veldig gledeleg løysing for Sunnmørsposten, som gjer oss eit veldig godt grunnlag for å utvikle avisa vidare.

Ikkje dagleg endring

Det har vore nemnt nokre gongar at det kan bli sal.

- Vi får nye eigarar, og samstundes får vi vidareført det samarbeidet som vi i dag har med andre Edda-aviser.

Edda Media eig i dag også lokalavisene og dei andre delane av mediehusa som Romsdals Budstikke og Sunnmørsposten etter kvart har bygd seg opp. Relling Berg forsikrar om at det vil vere bra også for desse lokalavisene når ein no byttar eigar.

Også Romsdals Budstikke sin redaktør, Ole Bjørner Loe Welde, meiner det er godt at denne situasjonen no endeleg er avklart.

Ny eigar, mindre gjeld

- Dagens eigar i London er tynga av gjeld. Fram til no i det siste har dei vore ein god eigar, men i den siste tida har vi merka at vi har levd i eit vakuum på grunn av gjeldsbyrda til Mecom, seier redaktøren.

- No er vi ute av det. Sunnmørsposten og alle dei andre avisene er tilbake på norske hender, den redaksjonelle profilen blir ikkje endra, men det gir oss større fridom til å utvikle avisene vidare, forsikrar ho.

Og for dei som har vore uroa for utviklinga når Trøndelags-baserte Polaris Media skal ta over, kan Relling Berg forsikre om at det ikkje vil bli trønderavis av Sunnmørsposten etter dette.

- Vi blir ikkje meir trønder-avis av at Polaris eig oss enn det vi var ei London-avis når Edda eigde oss. Den redaksjonelle profilen blir ikkje på nokon måte endra.

Allmøte onsdag

I morgontimane onsdag har avisene allmøte for sine tilsette, seier redaktøren.

- Vi vil orientere om den avtalen som er inngått. Der tek vi med eit forbehald om at dette må godkjennast i generalforsamlinga i Mecom, og i bankane til Mecom, før dette blir endeleg. Vi fortel likevel om det, og kva det vil bety, og at avisene kan halde fram som før, seier ho.

- Det som er det gode med denne avtalen er at alle samarbeidsordningar som vi har i dag blir vidareført, samstundes med at vi får ein ny norsk eigar.

(NRK)
Banner valgresultat 2011 468x110

Bildegalleri frå Møre og Romsdal

Bildegalleri frå Møre og Romsdal

Verradar Vestlandet

Radar Vestlandet