Hopp til innhold

Healing over telefon

Ei kvinne på Åheim påstår ho kan gjere folk friske berre ved å snakke med dei på telefon.

Video nsps_upload_2009_2_11_20_7_28_699.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.


Healing

På Åheim driv Anne Grete Nygård eit firma som driv med healing over telefon. Ho tar 600 kroner for ei behandling.

Foto: Andreas Sundby / NRK

Nesten annankvar kreftpasient i Noreg prøver alternativ medisin. Healing og andre metodar utanfor helsevesenet er i vinden.

På Åheim i Vanylven påstår 35 år gamle Anne Grete Nygård at ho kan lege folk for så og seie alt, til og med alvorlege sjukdommar. Og dét berre ved å snakke i telefonen.

Prosessoperatør Anders Berge har vore i kontakt med healaren fleire gonger. Plagene har vore mange dei siste åra.

- Eg kan ringe henne til og med om eg er i Oslo eller utlandet. Ho har ordna opp i små og store problem fleire gonger.

Healing på kjøkenet

Anne Grete Nygård gir Anders Berge behandling, midt mellom sofaen og kjøkenbenken.

Foto: Andreas Sundby / NRK

Den 35 år gamle kvinna på Åheim driv eit firma - midt mellom sofaen og kjøkenbenken. Telefonane durer jamnt og trutt. Folk ringjer både med alvorleg sjukdom og småting.

- Ser svarte flekkar

- Når ein person ringjer og seier namnet sitt ser eg personen som eit røntgenbilde. Eg ser skjelettet til personen. Eg kan sjå svarte flekkar, seier Anne Grete Nygård.

Ho hevdar å ha gjort alvorleg sjuke friske. Men ho gir ingen garantiar.

Fjernhealing over telefon

- Fjernhealing over telefonen fungerer best, seier Anne Grete Nygård på Åheim.

Foto: Andreas Sundby / NRK

- Fjernhealing over telefonen fungerer endå betre enn personleg oppmøte, seier 35-åringen. Det er viktig for henne å hjelpe folk, men ho driv også business.

- Ei behandling kostar 600 kroner. Eg sender faktura, seier ho til ein kunde som ringjer når NRK Møre og Romsdal er til stades.

- Men mange vil hevde at dette berre er tull og vås?
- Det får bli opp til kvar enkelt å avgjere sjølv. Eg veit at eg hjelper folk, og får mange gode tilbakemeldingar.

- Gir du ikkje folk falske forhåpningar?
- Nei. Det er ikkje eg som tar kontakt. Det er dei som ringer meg fordi dei har høyrt om meg gjennom andre. Uansett kan eg ikkje love noko. Eg gir ingen garantiar.

Anne-Marie Kvamme har tatt turen frå Måløy. No har ho nokre småplagar. Men ho påstår at healeren tidlegare har fjerna ein stor kul i brystet hennar:

- Vi har hatt mange krefttilfelle i familien. Eg skulle på kontroll, og hadde tidlegare vore hos healeren. Eg dusja og kjende plutseleg at kulen var vekk. Han var så stor som ei plomme.

Anne-Marie Kvamme

- Eg har fått hjelp her fleire gonger. Healeren har også fjerna ein kul frå brystet mitt, seier Anne-Marie Kvamme, som har tatt turen frå Måløy.

Foto: Andreas Sundby / NRK

- Men mange avviser dette som tull?
- Eg gjorde det før, eg og. Eg sa at dette bryr eg meg ikkje med.
- Har du skifta meining?
- Ja, no er meininga snudd. Anne Grete Nygård har hjulpe meg mykje, seier Anne-Marie Kvamme frå Måløy.

- Må også ha fornuftig behandling

Video nsps_upload_2009_2_12_9_16_38_731.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Olbjørn Klepp har drive som lege og kreftspesialist i 37 år.

- Eg forstår godt at personar som er alvorleg sjuke prøver ut det som finst, men eg har enno til gode å sjå at healing verkar.

Han ser likevel ikkje noko gale i at folk prøver alternative metodar.

- Men det må ikkje stå i vegen for fornuftig behandling. Det er viktig at ein alltid også kontaktar lege likevel, seier Klepp.