Hopp til innhold

Fleire konkursar

16 bedrifter gjekk konkurs i fylket første veka i februar.

Snikkar (illustrasjonsfoto)
Foto: Roald, Berit / SCANPIX

Talet for januar er 34, og det er ti fleire enn same månad i fjor.

NHO meiner dette viser at tiltaka som regeringa iverksette i januar ikkje har vore til hjelp for dei bedriftene som slit mest.

Torill Ytreberg
Foto: Odd Kristian Dahle / NRK

- Dette er fleire konkursar enn normalt. Då er det grunn til bekymring, seier regiondirektør i NHO, Torill Ytreberg.

Banken ville ikkje meir

Eit av selskapa som har gått til skifteretten er Sæbø Bygg i Ørsta. Styreleiar Arild Årseth trudde at det verste kanskje var over då dei i januar fekk mange nye oppdrag og ordrereservar for over 20 millioner kroner.

Slik gjekk det ikkje.

- Marknadssituasjonen for hussal var ganske treg i haust. No losnar det verkeleg, men banken ville ikkje vere med vidare, seier Årseth, som har opna konkurs med selskapet.

- I desse tider burde bankane strekke seg for å halde liv i bedriftene, seier han.

Fleire grunnar til konkursar

Banken ville ikkje finansiere ordrereservane utan at aksjærane gjekk inn med meir eigenkapital, og onsdag sist veke slo Sæbø Bygg med 11 tilsette seg konkurs.

Det er ein av konkursane i starten av 2009, men kvar konkurs har sin eigen grunn.

- Årsakene kan vere så mangt, det har vi ikkje innblikk i. Men vi er redde for at dei forskjellige tiltaka som er komne i pakkane, anten har kome for seint, eller ikkje har vore retta mot dei bedriftene som slit mest, seier Ytreberg i NHO.

Variert mottak for pakke

Søndag la regjeringa fram sin Bankpakke2, som skal hjelpe bankane til å låne ut meir pengar. Den kom for seint for Sæbø bygg, og dei andre selskapa som gjekk konkurs tidleg i år.

Medan skipsverfta var nøgde med pakken som vart lagt fram, var Sparebanken Møre meir avventande til det som vart presentert.

Ti fleire enn i fjor

Tala frå januar i år viser at 34 er ti fleire enn i januar 2008. I byggebransjen har det vore tøffe månedar, noko som viser att på lista over bedrifter som no ikkje lengre fins.

NHO seier at ein del konkursar er uungåelege i nedganstider, men at saker som Sæbø Bygg er med på å stadfeste at tiltaka har kome for seint.

- Det viktigaste no er at banksystemet kjem i gang att. At ein får lån og kreditt, og at ein kan få finansiert prosjekt som ligg som ordrereserver, seier Ytreberg.