Hopp til innhold

Unngår sommarbarn

Sommarstengd fødeavdeling i Orkdal skremer fødande på Nordmøre.

Baby
Foto: www.colourbox.com

Sidan fødeavdelinga i Kristiansund skal ha sommarstengt i fire veker i sommar, kan resultatet bli at nordmøringar må reise til St.Olavs i Trondheim for å føde.

Mari Ulfsnes

Mari Ulfsnes frå Aure med yngstesonen Tord.

Mari Ulfsnes i Aure ventar sitt tredje barn i mai, og det er ikkje tilfeldig.

Ho seier ho såg korleis det var for dei som måtte reise til Trondheim i fjor. Ho vil føde i Kristiansund og ikkje i Trondheim

- Det er veldig godt planlagt. Eg bestemde meg då eg skulle ha mitt tredje barn at eg ikkje ville ha eit sommarbarn.

Engasjerer mange

No har også organisasjonen Liv laga engasjert seg i saka.
Det er ein organisasjon for svagerskaps-, fødsel og barselomsorg.

Fødeavdelingane i Molde og Kristiansund skal vere sommarstengde fire veker kvar i sommar.

Sidan avdelinga i Kristiansund stenger er det då natruleg for nordmøringar å reise til Orkdal. Viss den avdelinga også blir stengd, så blir St.Olavs næraste fødestad.

Eva Vassdal

Eva Vassdal i organisasjonen Liv laga.

Vanvittig meiner styremedlem i Liv Laga Eva Vassdal.

- Det seier seg sjølv at når ein legg inn lenger reiseveg for fødande, så aukar ein risikoen for andre. Det å spare pengar på fødslar er vanvittig.

Ikkje avgjort enno

I fjor var fødeavdelinga i Orkdal stengt i åtte veker. Kva som skjer i år har ikkje styret ved St. Olavs Hospital avgjort enno.

Styreleiar ved ST Olavs Hospital, Nils Kvernmo, seier det fungerte godt å sommarstenge i fjor.

- Vi hadde ei evaluering som konkluderte med at det var fagleg forsvarleg og god ressursutnytting. Kva som skjer i år vil eg ikkje sei noko om.

- Slutt

Komande trebarnsmor Mari Ulfsnes, har ei klar oppmoding til heile Helse Midt.

- Dei må slutte med denne sommarstenginga. Det er like viktig med godt fødetilbod om sommaren som elles i året.