Hopp til innhold

Tjeldbergodden kan få jernverk

Dersom StatoilHydro og svenske LKAB blir samde, kan det bli jernverk på Tjeldbergodden i Aure.

Tjeldbergodden

På Tjeldbergodden kan det kome eit jernverk, dersom StatoilHydro og svenske LKAB får det som dei vil.

Foto: Statoil

- StatoilHydro og det svenske statsselskapet LKAB lagar no ei utgreiing om dette, seier Lars-Eric Aaro, som er direktør for teknologi og forretningsutvikling i LKAB.

Informasjonsdirektør Katrine Torp for foredling og marknadsføring i StatoilHydro seier det enno er tidleg i prosjektet.

- Vi kan stadfeste at StatoilHydro er i dialog om eit mogleg industrisamarbeid i samband med Tjeldbergodden metanolfabrikk, seier Torp.

Naturgass og jern

- StatoilHydro si rolle vil vere å levere gass og eventuell infrastruktur. Men ingen avtale er enno signert, difor er det ikkje så mykje meir å seie om dette, legg ho til.

Planane om eit jernverk vart offentleggjort i Adresseavisen før helga. Dette er så nytt at leiinga i departementet ikkje er informert. Men både i StatoilHydro og i LKAB får NRK stadfesta at ein arbeider med å få på plass eit samarbeid.

Ved hjelp av naturgass frå Haltenbanken og jernmalm frå LKAB sine gruver i Kiruna, kan det bli laga jern, som igjen skal brukast i stålproduksjon.

- Spennande og nytt

StatoilHydro og LKAB har med seg eit utanlandsk stålselskap i samtalane.
I følgje Adresseavisen vil dei tre selskapa gå saman om å danne eit nytt selskap, og bruke eit halvt år på eit utviklingsprosjekt som blir lagt til Tjeldbergodden utvikling.

Politikarane på Stortinget reagerer med glede på at det no kan kome eit jernverk på Tjeldbergodden.

- Det er jo noko nytt. Og det å få på plass nye arbeidsplassar i industrien framover syns eg er kjempefint, seier Elisabeth Nørve frå Høgre.

- Det syns eg er spennande, og når denne ideen er realisert er det fleire av oss som må trykke på for at ikkje denne ideen skal stoppe opp politisk, seier Arbeidarpartirepresentant Asmund Kristoffersen.

Teknisk realistisk

Professor Leiv Kolbeinsen ved NTNU i Trondheim har god tru på dette prosjektet. Han meiner gass i jern- og stålproduksjon kan bli viktig.

- Frå eit teknisk synspunkt er dette veldig realistisk. Det mange ikkje veit er at vi i Noreg bruker om lag 500 kilo stål per person, per år, medan alle andre metall til saman summerer seg til om lag 40-50 kilo, fortel han.
I tillegg aukar stålforbruket i land der ein no byggjer ut infrastrukturen.

Kolbeinsen er professor ved Institutt for metallteknologi ved NTNU, og har forska på bruken av gass i metallindustrien. Denne metoden gir mykje mindre CO2-utslepp enn den gamle metoden der ein brukte kol.

Jernmalm inneheld oksygen. Trekk ein ut den, står ein att med CO2, vatn og reint jern, som då kan brukast i stålindustrien.

- Stål blir veldig ofte resirkulert. Om lag 40 prosent av det som blir laga på verdsbasis er basert på resirkulering av til dømes bilar, seier Kolbeinsen.

Departementet positivt

- For å utbetre kvaliteten på det som blir resirkulert treng ein det ein kallar jomfrueleg jern, fortel han. Difor er jern som kjem rett frå jernmalm ein bra tilførsel til stålindustrien.

Føresetnaden for at det kan bli eit jernverk i Aure er at LKAB og StatoilHydro blir samde om prosjektet. I følgje Adresseavisen kan det bli opp mot 100 arbeidsplassar, investeringane kan kome på 1,5 milliardar kroner.

Statssekretær Øyvind Sloke i Næringsdepartementet syns det er eit spennande prosjekt, og at det er innanfor det som regjeringa meiner. Dei vil nemleg bruke meir av gassen i Noreg, for å skape arbeidsplassar her.

- Noko av det denne regjeringa har gjort, er å etablere eit forskingsprosjekt som heiter Gassmaks, og etter det eg kjenner til har dette prosjektet fått forskingspengar frå dei. Professor Kolbeinsen vil gjerne ha litt meir enn berre eit jernverk i Aure.

Vil ha klynge

- For å få ein viss storleik på dette bør ein legge fleire industritypar som bruker gass saman på same stad, for å lage ei industriklynge. Då kan ein også samkøyre desse på ein slik måte at dei har gjensidig nytte for kvarandre, seier han.

- Om eit jernverk, eit stålverk, kraftverk og meir, kunne ein få mykje nytte av det, seier han, og nevner fleire andre industriar som kan passe i ei slik klynge.

Også leiar for Tjeldbergodden utvikling, Arve Goa, meiner dette kan vere eit bra prosjekt. Han er positiv til dei planane som no kjem.

- Som eg har oppfatta dette, så skal metanolfabrikken som står der inkluderast i anlegget, og vil få synergiar frå det som allereie er der, seier han.

- Dette syns vi er kjempemessig, legg han til.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL