Hopp til innhold

Usikkert år for bilbransjen

- Det einaste sikre som kan seiast om 2009, er at det blir eit usikkert år, seier bilforhandlarar til NRK.

Bilsalg
Foto: David Zalubowski / AP

Dei norske bilimportørane trur at bilsalet i 2009 blir om lag 30 prosent lågare enn i 2008. - Det kan bli meir, det kan bli mindre, men dette må vi ta omsyn til, seier Eirik Karlsen, formann i Sunnmøre Bilbransjeforening. Men Karlsen seier også at situasjonen kan variere frå merke til merke og frå bilforretning til bilforretning, ja frå stad til stad.

Avventande

Eirik Karlsen er leiar for Vestlandske Auto i Ålesund, og som dei andre bilforhandlarane er dei i ferd med å vurdere korleis dei skal tilpasse seg den nye situasjonen. I veka som kjem skal Karlsen snakke med medlemsbedriftene på Sunnmøre for å få ei oversikt over korleis det går med bilsalet og korleis dei vurderer stoda.

Totalt sett gjekk bilsalet tilbake i 2008. Det var spesielt dei såkalla volummerka som hadde salssvikt - bilmerke det blir selt mykje av slik som til dømes Toyota, Volkswagen og Volvo. Somme andre bilmerke hadde auka sal. Det var venta at endringa skulle flate ut i 2009. - No veit vi ikkje, seier Karlsen. - Fortenestemarginane i bransjen er små. Finanskrisa har gjort at kundane er avventande, men straks det kjem nyheiter om at renta går ned, merkar vi auka pågang. Og folk som er godt etablerte og med arbeidsplassar dei ser på som trygge, handlar bil som før.

- I 2007 og 2008 gjekk bilindustrien for full gass. Det var leveringstid for ny bil på opptil eit år, og det blei bestilt bilar i store mengder. Derfor har fleire forretningar no mange bilar på lager, og leveringstida er desto kortare. No kan ein ofte få bil på dagen eller i løpet av ei veke, seier formannen i Sunnmøre Bilbransjeforening.

Ventar prisstigning

Dagleg leiar Knut Arve Sæter i Møller Bil Ålesund stadfester at bilmarknaden opplever ein nervøs situasjon for tida. - Det endrar seg faktisk frå veke til veke, seier Sæter, som meiner at dei som ventar med å kjøpe bil fordi dei trur prisane skal gå ned i tida som kjem, kan bli skuffa.

- Dersom ikkje den norske krona styrkjer seg, kan det tvert om bli ei formidabel prisstigning på nye bilar, seier han. - Dagens prisar er kanskje forhandla fram ut ifrå ein euro som låg på rundt 8 kroner. Det seier seg sjølv at når euroen går opp mot 9,50, er dette tapsprisar. Fabrikkane ber tapa no, men det gjer dei ikkje lenge, så i denne situasjonen er prisauken ikkje til å unngå. Og bruktbilprisane kjem til å følgje etter.

- Billege nye bilar kan ein kanskje få tilbod om dersom forhandlaren sit inne med store lager og har likviditetsproblem. Men det gjeld langt frå alle. Nei, å spå korleis det kjem til å gå fram til neste årsskifte er uråd, seier Knut Arve Sæter.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL