Hopp til innhold

Ekornes legg ned på Stranda

Ekornes legg ned fabrikken på Stranda for å tilpasse produksjonskapasiteten sin til marknaden.

Ekornes-fabrikken på Ikornnes
Foto: www.ekornes.no

Produksjonen blir flytta frå fabrikken på Stranda til fabrikken på Hareid.

Dermed blir dei 67 årsverka på Stranda fjerna. Sofaproduksjonen blir redusert med 25 prosent, skriv selskapet i ei børsmelding.

Dette kom fram på eit allmøte på Ekornes i Sykkylven torsdag ettermiddag. Planen er ei skisse frå leiinga, for å følge opp tiltaka som vart gjort i desember.

180 oppsagt

I tillegg til kutta på Stranda er det gjort forslag om å kutte 18-20 årsverk av dei 143 årsverka på madrassfabrikken på Fetsund.

I alt vil denne skissa føre til at 180 årsverk blir kutta i konsernet, og 80 årsverk blir permittert i Noreg.

I desember innførte Ekornes firedagers veke for sine tilsette, som eit mellombels tiltak for å hindre oppseiingar.

Hovudtillitsvald i Ekornes, Asbjørn Sjåstad, meiner dette blir eit stort kutt .

Låg ordreinngang

No skal selskapet i løpet av dei neste tre vekene saman med representantar for dei tilsette avgjere kven som skal kuttast, og kvar kutta skal kome.

I børsmeldinga skriv selskapet at ordreinngangen i fjerde kvartal 2008 var 15 prosent lågare enn i same periode i 2007. I desember var den 26 prosent lågare enn same månad i 2007.

Leiinga har som mål å handsame denne saka på styremøte 23. januar 2009.