Hopp til innhold

Elevar kan ikkje symje

Foreldra ved Helland skole i Vestnes er oppgitt over for dårleg symjeopplæring.

Tomt basseng
Foto: Veronica Westhrin / NRK

Øyvind Uren

Bassenget på skulen har vore stengt sidan 2002, og 30 prosent av elevane ved skulen kan ikkje symje, seier nestleiar i foreldreutvalet, Marianne Sæter.

- Barna våre får ikkje den symjeopplæringa dei har rett på og krav på. No har vi statistisk dokumentasjon på at det er fleire klasser der opp til 30 prosent av elevane ikkje kan symje, seier Sæter.

- I to av klassane ved Helland skule fins det ikkje grunnlag for å kartlegge symjeeigenskapane, seier ho.

200 basseng lagt tørre

Det er ikkje berre i Vestnes det vert gitt mangelfull symjeopplæring. Svak kommuneøkonomi fører til at symjebasseng fleire stader rundt om i landet står tomme.

Dei siste åtte åra har om lag 200 basseng lagt tørre, ifølgje Svømmeforbundet. Og det er driftsutgiftene som er den vanskelegaste for kommunane, seier ordførar i Vestnes Øyvind Uren.

- Den er nok den vesentlege, og det som gjorde at bassenget vart stengt. Det var veldig dyrt å halde det i drift, seier han.

Kommunen har tilbudt skulane å bruke to andre basseng, men dette gir ikkje eit godt nok tilbod, ifølgje Sæter.

- Det hadde vore tilfredsstillande dersom dei hadde blitt frakta til dei andre bassenga så mykje som dei bør for å halde symjeferdigheitene ved like, seier ho.

Loven helt klar

Alv Walgermo
Foto: Aina Rødal / NRK

I lovverket er det klare krav om kva elevane skal kunne. Ved fjerde klasse skal elevane vere trygge i vatn og vere symjedyktig. Ved 10. klasse skal elevane kunne symje på mage og rygg og kunne dykke.

Foreldra har difor sendt brev til kunnskapsministeren med krav om at forholda vert utbetra. Dette er vidaresendt til fylkesmannen som har tilsynsansvaret.

- Alvorleg

Utdanningsdirektør Alv Walgermo, seier det er alvorleg at elevane ikkje tilfredstiller krava i opplæringslova.

- Eg syns dette er veldig alvorleg. Også sett på bakgrunn av at vi bur i det fylket vi bur i, med sjø og vatn over alt. Så her burde dei prioritere dette for dei som ikkje har tilfredsstillande kunnskap, seier Walgermo.

Men bassenget på Helland skule vert truleg ikkje fylt med vatn igjen.

- Sånn situasjonen er i dag er det rimeleg små sjansar for det, det vil nok vere rett å seie, fortel Vestnes-ordførar Øyvind Uren.